Rådgjevande eining for russakerLytt til tekstenStopp avspillingDersom du vert teken for å ha, eller brukt mindre mengder illegale rusmiddel tenkt til eigen bruk, kan du måtte møta den rådgjevande eininga for russaker i din kommune. Det er påtalemyndigheita som avgjer om du skal møta her i staden for fengselsstraff eller bot. Ved oppmøte vil du få tilpassa informasjon, råd og rettleiing knytt til moglege konsekvensar kring bruk av rusmidlar og om kva hjelpetilbod som finst, samt få tilbod om tilrettelagd individuell oppfølging. Vilkåret om møte hjå oss er oppfylt når du har møtt opp til samtale ein gong. Oppmøte skal være personleg, men kan unntaksvis, gjennomførast digitalt, til dømes der det er lange avstandar. Rådgjevande eining for russaker er oppretta for å gje informasjon, råd og rettleiing til deg som er pålagt møteplikt jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m. § 3-9 b. Handsaming av personopplysningar Registrering av oppmøte og eventuelt testresultat er personsensitive opplysningar, og vert lagra i samsvar med dei krava som gjeld. Viktige lenker: Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.m § 3-9 b Lov om straff (Straffelova) § 37 Kontaktpersonar i Aurland, Lærdal og Årdal: Aurland: Ruskonsulent - May Britt Martinsen Telefon: 959 84 654 E-post: radgjevande.eining@aurland.kommune.no Oppmøteadresse: Fjordsenteret, 2. etasje, Onstadvegen 25, 5745 Aurland Lærdal: Fagleiar psykisk helse og rus - Janne Elen Natvik Telefon: 404 39 678 E-post: janne.elen.natvik@laerdal.kommune.no Oppmøteadresse: Øyraplassen 8, 6887 Lærdal Årdal: Fagleiar rus - Silje Berge Telefon: 412 86 664 E-post: radgjevande.eining@ardal.kommune.no Oppmøteadresse: Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen