Psykososialt kriseteam

Kva er psykososialt kriseteam?

  • ei gruppe sett saman av personar med kunnskap og interesse for å ta hand om behov for psykisk og sosial beredskap ved krise og katastrofe i kommunen
  • tverrfagleg beredskapsteam som også vil ha andre oppgåver i krise og katastrofe
  • kjem i tillegg til det ordinære hjelpeapparatet i arbeid med psykologiske reaksjonar etter krise og katastrofe
  • ein del av beredskapen til Årdal kommune

Psykososialt kriseteam skal ikkje vera: 

  • krisesenter
  • psykiatrisk behandlingstilbod
  • team med vaktordning

Samansetjing:

Kriseteamet i Årdal har faste medlemar med ulik sosial- og helsefagleg bakgrunn. I tillegg kjem rådgjevande medlemer frå politi, fysisk og psykisk helseteneste, kyrkja og tenesteområde med fokus på barn og flyktningar.

Mål og oppgåver:

Kriseteamet skal førebyggja psykisk skade hjå personar som har opplevd store krise og katastrofe ved å gje støtte, og syte for at dei får samordna tenester frå det ordinære tenesteapparatet.

Kven kan kalle ut kriseteamet?

  • ved katastrofe og ekstraordinære hendingar vert kommunen si kriseleiing etablert. Kriseleiinga kan kalle ut psykososialt kriseteam, også utanom ordinær arbeidstid.
  • Legevakt eller politi kan be om bistand, vanlegvis påfølgjande arbeidsdag.