Om samfunnstryggleik og beredskap
Samfunnstryggleik
Kommunen må vere budd på å handtera uønska hendingar. I akuttfasen vil det normalt vera brann- og redningstenesta og politiet som leiar krisearbeidet.
Kvar og ein må vere budde på uønska hendingar. Det er viktig at me alle tek ansvar og syter for naudsynte tiltak. Dette kan vera brannførebyggande tiltak og, eller flaumsikringstiltak rundt eigen bustad, eigedom. I situasjonar der den kommunale kriseleiinga tek ansvar, vil oppdateringar til innbyggjarane i stor grad koma via denne nettsida eller kommunen sin varslingteneste og gjennom media.
Samfunnstryggleik slik det er definert: "Samfunnet si evne til å hindra hendingar, redusera skadeverknadene når det skjer, og evne til å koma attende til normaltilstand så snart som mogleg"
Personleg beredskap
På nettstaden Sikker hverdag finn du svar på alt om å førebu deg på ei eventuell krise i framtida.
Årdal kommune bruker varslingssystemet «Varsling 24» for å kunne nå innbyggarane raskt med viktige meldingar. Varslinga skjer ved utsending av tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, talemelding til fasttelefon og e-post.
Varslingssystemet vil bli brukt for å nå innbyggarane digitalt med meldingar når dette er føremålstenleg. Det kan vere ved stenging av vatn, kokevarsel, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.
Kommunane er pålagt å kartlegga uønska hendingar og konsekvensen av desse. Risiko og sårbarheitsanlyse (ROS) er verktyet ein nyttar.
Målsettinga med kommunen sitt arbeid for beredskap er å redusere sårbarheita og gjere lokalsamfunnet meir robust ved å redusere omfanget av uønska hendingar.
Beredskapsplan er basert på gjennomførte ROS analyser for å sikre at planverket er retta mot tenkelege hendingar i kommunen, men den skal og ta høgde for det uventa. Beredskapsplanen vert revidert årleg.
Beredskapsarbeidet skal vere basert på ansvarsprinsippet at uønska hendingar skal løysast av den organisasjonen som løyser dei daglegdagse hendingane og på lågast mogleg nivå i organisasjonen.
Kommunal kriseleiing er leiarapparat som vert sett for å handtere krisesituasjonar. Kriseleiinga vil ha utvida fullmakter i forhold til ordinære forhold.
Beredskapsleiinga i kommunen består av:
- Ordførar
- Kommunedirektør
- Kommunalsjef Helse, omsorg og NAV
- Brannsjef
- Politi
- Informasjonsansvarleg
Kva er psykososialt kriseteam?
- ei gruppe sett saman av personar med kunnskap og interesse for å ta hand om behov for psykisk og sosial beredskap ved krise og katastrofe i kommunen
- tverrfagleg beredskapsteam som også vil ha andre oppgåver i krise og katastrofe
- kjem i tillegg til det ordinære hjelpeapparatet i arbeid med psykologiske reaksjonar etter krise og katastrofe
- ein del av beredskapen til Årdal kommune
Psykososialt kriseteam skal ikkje vera:
- krisesenter
- psykiatrisk behandlingstilbod
- team med vaktordning
Samansetjing:
Kriseteamet i Årdal har faste medlemar med ulik sosial- og helsefagleg bakgrunn. I tillegg kjem rådgjevande medlemer frå politi, fysisk og psykisk helseteneste, kyrkja og tenesteområde med fokus på barn og flyktningar.
Mål og oppgåver:
Kriseteamet skal førebyggja psykisk skade hjå personar som har opplevd store krise og katastrofe ved å gje støtte, og syte for at dei får samordna tenester frå det ordinære tenesteapparatet.
Kven kan kalle ut kriseteamet?
- ved katastrofe og ekstraordinære hendingar vert kommunen si kriseleiing etablert. Kriseleiinga kan kalle ut psykososialt kriseteam, også utanom ordinær arbeidstid.
- Legevakt eller politi kan be om bistand, vanlegvis påfølgjande arbeidsdag.
Sist endra 21.10.2024 10:39