Generelt om brannførebygging
Brannførebyggande arbeid ligg i namnet, førebygging av brann. Årdal kommune skal ha ei mannskap og kompetanse som gjer at krav som vert stilt ved gjennomføring av førebyggande og kontrollerande oppgåver vert halde.
Me utfører brannteknisk inspeksjon (tilsyn) av særskilde brannobjekt (industri og verksemder, skular, hotell, sjukeheimar og andre offentlege byggningar) samt:
- sakshandsaming ved oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varer
- brannteknisk byggesakshandsaming
- opplæring av brukaransvarlege, brannvernleiarar
- brannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, kommunalt tilsett helsepersonell. Me bidreg der me kan ved førspurnad
- kurs, informasjonsarbeid
- feiing
- beredskap
Årdal kommune er medlem i Skadeførebyggande forum der me arbeider tett med fleire med førebygging av ulykker som fører til personskade.
Risikoutsette grupper
I følgje Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) tilhøyrer tre av fire personar som mistar livet i brann tilhøyrer risikoutsett grupper. Av desse mistar ni av ti livet i eigen heim.
Årdal kommunen har gjennom fleire regelverk ei rekke oppgåver som skal trygge brannsikkerheten for innbyggjarar i risikoutsette grupper.
Sist endra 10.04.2025 09:35