Brann og redningsberedskapLytt til tekstenStopp avspillingBrannberedskapen har ansvaret og ivaretek brannvesenet sin direkte innsats ved brann, ulykker og akutt forureining i regionen.Oppgåvene til beredskapen er innsats ved brann og ulykker. I tillegg kjem andre typer redningsoppdrag, samt ei rekke vedlikehaldsøvingar og undervisningsoppgåver.Beredskapsavdelinga er bygd opp kring tre brannstasjonar i vårt ansvarsområde, slik at innsatstid og tilgjengeleg førsteinnsatsstyrke vert optimal. Brannberedskapen er bygd opp av deltidsmannskap med ulike vaktordninger. I Årdal er det etablert samarbeid med Hydro for å sikra best mogleg brannberedskap for industrianlegga og kommunen sine innbyggarar.Avdelinga har ansvar for ROS, beredskapsanalysar, beredskapsplanar og HMT. Mannskapa er utstyrt med nødnettradio og rykker ut når alarmen går i ansvarsområdet.Oppgåver ved brann, ulykker, klimabaserte hendingar og naudhjelp.BrannslokkingRøyk-, gass-, og kjemikaliedykkingAssistanse ved trafikk- og tunnelulykkerFrigjering av fastklemte personarOverflateredningAkuttberedskap ved ureining på land og sjø i eigen kommune og gjennom IUA (Interkommunalt utval mot akutt ureining)Bistand til politi, helseBistand til andre kommunarDet er til ein kvar tid eit vaktlag i beredskap, samt innsatsleiar som har heimevakt.Årdal brann og redning er utstyrt med to mannskapsbilar, tankbil, brannlift og mindre redningsbilar. I tillegg har me båt, pumper, slangemateriell og diverse utstyr til andre oppdrag. I Lærdal er det 1 mannskapbil, tankbil, redningsbil og framskutteining.Ved brann eller ulykker ringer du 110 og får hjelp av oss. Sist endra 10.04.2025 09:51