Innbyggarvarsling

Når viktig informasjon må ut raskt, vil kommunen sende deg eit varsel på telefon. Varsling skjer ved at det blir sendt ut ein SMS til mobiltelefonar, og ei talemelding til dei som kun er registrert med fasttelefon.

Adressebasert varsling kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot

Årdal kommune brukar Varsling 24 for å varsle innbyggarane.

Les meir om Varsling 24 her

Om vi ikkje klarar å varsle gjennom via mobiltelefon eller radio, vil varsling skje manuelt/fysisk oppmøte ved bruk av kommunen sine tilsette, sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde kors med fleire. Dette vil vere mest aktuelt ved ei eventuell evakuering.
 

Flyalarm (tyfon)

Sivilforsvaret har ansvar for landet sitt sireneanlegg (tyfonar). Tyfonar vert nytta til varsling av befolkninga ved akutt fare både i fred- og krigstid.
Sivilforsvaret prøver anlegget nasjonalt to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadene januar og juni.

I Årdal er det testing av sireneanlegg (tyfon) kvar torsdag kl. 12.00.

Les meir om Sivilforsvaret sin varsling av befolkninga her