Jodtablettar

Informasjon om kva du kan gjere for å beskytte deg ved ei atomulykke? finn du her

Årdal kommune har som del av den nasjonale beredskapen lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det. Planverk og distribusjonslister er oppdatert og kvalitetssikra.  

Jodtablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Ved ein atomulykke kan radioaktivt jod bli spredd via lufta og takast opp i skjoldbruskkjertelen når ein puster inn forurensa luft eller inntar forurensa mat og drikke. Jodtablettar blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i denne. Råd om å ta jodtablettar vil ofte bli gitt saman med eit råd om å opphalde seg innandørs i opptil 2 døgn. Det er difor viktig å ha dei også lagra i heimen. Kommunen har ansvar for å dele ut til barn og unge viss ulykka skjer på dagtid.

OBS: Det fins to typer jodtablettar på apoteket. Den eine er eitt reseptfritt legemiddel med høydose jod som berre skal brukast etter anbefaling frå myndigheitene. Det er denne typen som gjeld ved ein atomulykke. Den andre er kosttilskudd med jod, som er til dagligbruk og med mykje lågare konsentrasjon.

Liten fare i Noreg 

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten. Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar lagra i heimen som ein del av eigenberedskap kan du lesa om her I spesielle tilfeller kan også personar mellom 18- 40 år bli anbefalt tilskudd med jod.

Det er viktig at alle forstår at dette er av beredskapsomsyn. Du skal IKKJE ta jod for sikkerheits skuld. Vent på beskjed frå myndigheitene.