Årdal tenk tryggleik - vedtekter

Mål for Årdal Tenk Tryggleik:

Førebygge og redusere ulukker i arbeid, skule, heim og fritid.
Setje tryggleiksarbeidet på dagsorden for og innbyggarane i Årdal.
Vere ei adresse for innmelding av saker, situasjonar, hendingar og forslag til endringar.

Å førebygge skade, ulukke og kriminalitet er ein del av den samla innsatsen for folkehelse i Årdal.

Arbeidet skal vere i tråd med:

  1. Kriteria for Trygge lokalsamfunn
  2. Samordna lokale kriminalitetsførebyggande tiltak (SLT)
  3. Partnarskapsavtalen for folkehelse

Styrande komité:

  • Ordførar
  • Kommunedirektør
  • Koordinator
  • Lensmannen
  • Leiar NAV Kommunalsjef Helse
  • Representant frå Hydro Årdal
  • Leiar Norsk Folkehjelp
  • Leiar Årdal LO
  • Leiar Ungdomsrådet

Styrande komitè har den overordna leiinga i Årdal Tenk Tryggleik.
Komiteen kan, ved behov, Legge til og revidera medlemar i ÅTT, kalle inn representantar for dei faggrupper ein treng ha med i saker.

Styrande Komite er:

  1. Politiråd
  2. Kriminalførebyggande råd
  3. Styrande komite skal vere representert i Folkehelserådet

Komiteen skal ta initiativ, godkjenne og innvilge nye prosjekt.
Godkjenne ressursbruk.
Godkjenne årsmelding og handlingsplan.
Gjere strategisk planlegging.

Koordinator:

Leiar Forebyggande og Koordinator er dagleg leiar i Årdal Tenk Tryggleik, og skal vere tilsett i Årdal kommune.

Koordinator skal ha følgjande oppgåver:

  • Vera pådrivar og sjå til at prosjekt vert gjennomført
  • Sekretær for Styrande Komité.
  • Utarbeida rapportar, årsmelding og handlingsplan samt presentasjon til kommunestyre/årsmøte
  • Vere lokal klageinstans, loggføre og svare på alle meldingar.
  • Syte for oppfølging ved å fordele oppgåver/ansvarleggjere rett instans
  • Rett instans kan vere både kommunal, privat eller annan aktør
  • Leie samarbeidet med politiet, Statens vegvesen og Tekniske tenester

Samarbeide mellom Årdal Tenk Tryggleik, Politi ,Tekniske tenester og Statens vegvesen skal ha høg prioritet.
Det skal gjerast årleg synfaring av gatenettet.
Koordinator skal delta på Trafikktryggleiksmøte (3 årig) med Statens vegvesen og Tekniske tenester.

Ulike delprosjekt kan opprettast og settast i gang av styrande komité.
Koordinator skal organisere arbeidet og vere pådrivarar og/eller delprosjektleiar saman med andre interessentar. Prosjekta skal vere retta mot konkrete tiltak. Resultat av prosjektarbeidet skal meldast til styrande komité.

Årsmøte

Årsmelding og handlingsplan skal handsamast i styrande komite, og sendast til kommunestyret til orientering. Koordinator skal vise enkel presentasjon og svare på sørsmål i kommunestyret.

Økonomisk forvaltning

Økonomiavdelinga i Årdal kommune fører rekneskapen for Årdal Tenk Tryggleik.
Kommunedirektøren, eller den han gjev løyve, tilviser Årdal Tenk Tryggleik sine utgifter.
Årdal Tenk Tryggleik sine disposisjonar innanfor løyvde midlar vert underlagt same revisjon som kommunen elles.

Vedtektene til nedlasting. (PDF, 372 kB)

Har du spørsmål?

Svein Ove Åmås
Branninspektør
E-post
Mobil 97 57 84 90