Det vil vere to vallokaler, eitt i Øvre Årdal og eitt på Årdalstangen og valmedarbeidarane vert fordelt på desse to.
- Du kan ikkje stå på politisk valliste for Stortingsvalet
- Du må fylle 18 år i løpet av 2025
- Du må beherske norsk skriftleg og munleg
- Du må ha generell PC-kompetanse dersom du skal registrere i manntal og kunne logge inn med elektronisk ID
- Du treng ikkje generell PC-kompetanse for andre oppgåver i vallokalet
Alle vil få opplæring
Me treng:
- personar til å registrere i elektronisk manntal og her ønskjer me personar som er nøyaktige, systematiske og datakyndige. Du må ha bank-ID for å kunne logge på løysinga.
- personar til å vere vakt i og utanfor vallokalet, rettleie veljarane i og utanfor vallokalet, halde orden og vere med å telje stemmesedlar på valdagen.
Du må vere omgjengeleg, imøtekommande og kunne kommunisere godt på norsk.