Tal medlemer i kommunestyret i Årdal er 21, der 15 representantar er frå Arbeiderpartiet og Høgre har 6 representantar.
Heimel for kommunestyret sitt mandat og delegering er kommunelova § 5-3.
Årdal kommunestyre er øvste folkevalgde organ i Årdal kommune og har det øvste ansvar for tilsyn med den kommunale forvaltninga. Dei kan krevje alle saker lagt fram for seg til orientering eller avgjersle. Kommunestyret skal avgjere alle saker som gjeld vedtak av kommunale forskrifter, folkevald organisering, kommuneplan, kommunedelplanar, budsjett, økonomiplan, og saker som til ei kvar tid etter kommunelov, særlover og delegeringsreglementet er lagt til kommunestyret sjølv.
Kommunestyret skal alltid avgjere følgjande saker:
- Oppretting av nye tenester og vesentlege endringar eller nedlegging av eksisterande tenester
- Fastsette reglement, vedtekter og instruksar der slikt mynde ikkje er delegert
- Overordna arbeidsgjevarpolitikk og beredskap
- Fastsette kommunale avgifter og betalingssatsar som ikkje er regulert av anna lovverk
- Økonomiplanen og årsbudsjettet
- Årsregnskap og årsmelding
- Finansielle måltal for utviklingen av kommunen sin økonomi
- Reglar for økonomiforvaltningen (økonomireglement)
- Reglar for finans- og gjeldsforvaltningen (finansreglement) Kommunestyret delegerer mynde til politiske organ ut frå det enkelte organ sitt ansvarsområde i samsvar med reglementet.
Møter i kommunestyret vert overført direkte og lagra i KommuneTV .
Kommande møter i kommunestyret
Sist endra 30.09.2025 10:56