Etikk
Årdal kommune skal ha høg etisk standard. Folkevalde og tilsette skal vere medvitne på at dei representerer Årdal kommune og sine respektive arbeidsplassar ute, og dannar grunnlaget for innbyggarane sin tillit og haldning til kommunen. Årdal kommune skal oppfattast som ein serviceorganisasjon
Registrering av styreverv og økonomiske interesser
Årdal kommune er tilknytt Styrevervregisteret i KS for å oppnå stor tillit mellom allmenta, og ivareta innbyggarane sin rett til innsyn, i slike spørsmål. Dei folkevalde bør sørge for at opplysningane er oppdaterte og korrekte.
Gåver
Folkevalde og tilsette må ikkje på vegne av eigne eller andre sine vegne ta imot gåver, provisjon, teneste eller anna yting som kan påverke handlingar, saksførebuing, vedtak eller anna på ein utilbørlig måte. Dette gjeld likevel ikkje gåver av liten verdi t.d. reklamemateriell og blomster. Ved tilbod om gåver o.l., skal ein kontakte næraste overordna. Mottekne gåver som går ut over kommunen sine retningslinjer skal ein returnere til avsendar vedlagt eit følgjeskriv med informasjon om kommunen sine reglar.
Arbeidsvilkåra for folkevalde
Kommunestyret har vedteke Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår. Reglementet tar for seg rettar og plikter for folkevalde. Det gjeld mellom anna godtgjersle for arbeid, dekking av utgifter og økonomisk tap, arbeidsvilkår og organisatoriske reglar. Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår
Folkevalde sin innsynsrett
Kommunestyret og andre folkevalde organ får i kommunelova § 11-13 ein utvida og lovfesta rett til innsyn i kommunale saksdokument. Eit folkevald organ kan berre få innsyn i saksdokument som gjev kunnskap om teiepliktige opplysningar når det er nødvendig for behandlinga av ei konkret sak, og det er heimel for unntak frå teieplikta i forvaltningslova § 13 b første ledd.
Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i saksdokument som ikkje er teiepliktige, må eit vedtak om å krevje innsyn gjerast med minst tre stemmer eller med fleirtalet av stemmene i organet. Viss eit folkevald organ ønskjer å krevje innsyn i teiepliktige opplysningar, må eit vedtak om å krevje innsyn treffast med fleirtalet av stemmene i organet.
Innsyn og møteportalen
Heimesida til kommunen har ei teneste kalla Innsyn. Der kan innbyggarar og andre finne brev, saksdokument og møteinnkallingar. Dette blir oppdatert ein gong i døgnet. Folkevalde har raskare tilgang til innkallingar, saksdokument og vedlegg for sine møte gjennom Møteportalen (også kalla Politikarportalen). Ved hjelp av bank-id kan folkevalde logge seg inn der og sjå innkallingar, saksdokument og forslag straks dei er ferdige og offentleggjort.
Reglement for folkevalde organ
Arbeidet i dei ulike folkevalde organa blir regulert av Reglement for folkevalde.