Habilitet

Folkevalde vil ofte vere inhabile dersom dei har ei tilknyting til ei sak eller saka sine partar som skapar tvil om dei vil handsame saka på ein objektiv og upartisk måte. Som folkevald vil du til dømes vere inhabil dersom du sjølv er part i saka eller har ei nær tilknyting til eit selskap som er part i saka.

Den som er inhabil i ei sak, kan ikkje vere med å drøfte eller avgjere ei sak. Når du veit at du som folkevald er inhabil eller det kan reisast tvil om habilitet - så må du varsle politisk sekreteriat når du mottek innkallinga til møtet. Det vert da muleg å kunne kalle inn vara som kan vere med og handsame saka. 

Etter forvaltingslova § 8, andre ledd, skal det politiske organet sjølv avgjere om den folkevalde er habil til å ta del i handsaminga av ei sak. Folkevalde må difor alltid av eige tiltak vurdere om ho eller han er inhabil. Det er eit mål at spørsmål om habilitet vert avklart i god tid før den aktuelle saka skal opp til handsaming. Sjekk difor sakslistene for møta god tid i forkant.

Reglane om habilitet står i kommunelova § 11 - 10 og forvaltingslova §§ 6-10. I rettleiaren I rettleiaren Habilitet i kommunar og fylkeskommunar som du fin her vert det gjort nærare greie for habilitetsreglane i forvaltningslova og kommunelova.

Habilitetsreglar er fastsett i forvaltningslova § 6 og kommunelova § 11 - 10.