Bakgrunn for planen
Årdal kommune har gjennom kommunedelplanen sin samfunnsdel sett seg mål om at alle innbyggarar skal ha tilgang til turstiar i sitt nærmiljø. Ikkje minst er det eit mål om at alle skal moglegheit til å vere fysisk aktive når dei ynskjer det. Gode stiar og ferdselsårer er viktige folkehelsetiltak for auka trivsel og utøving av fysisk aktivitet. Forsking viser også at skilta og merka stiar auke bruken.
Plan for friluftslivets ferdselsårer kan enklare omtalast som sti- og løypeplan. Planen har som formål å sikre utvikling, ivaretaking og berekraftig forvaltning av stiane våre i kommunen. Kommunen arbeider difor med planen for å skaffe eit oversiktsbilete og nåverande tilstand over det eksisterande nettverket over stiar. Dette gir grunnlag for ein tiltaks- og handlingsplan med prioriterte mål.
Planen vil fungere som eit verktøy ved planlegging og drift av nye og eksisterande stiar og skal vere eit hjelpemiddel i overordna og systematisk arbeid over lengre tid. Tiltaka og prioriteringane kan kommunale investeringsprosjekt eller samarbeidsprosjekt saman med lag og foreiningar.
Planarbeidet steg for steg
- Steg 1 – Politisk forankring.
Oppstart av planarbeidet vart vedteken i formannskapet 19.09.2024.
- Steg 2 – Kartlegging av nåverande situasjon
Kartlegginga skal skaffe ein oversikt over det eksisterande nettverket av stiar i kommunen. Kartkjelder, turdata, bøker, innspel og medverknad er viktig i dette arbeidet.
- Steg 3 – Tiltak og handlingsplan
Basert på den kartlagde oversikten over eksisterande sitar, vil settast opp ei tiltaksliste. Døme på tiltak kan vere merking og skilting eller fjerning av skilting og merking, nye, omlegging, utbetring- eller nedlegging av stiar, ny- eller oppgradering av bruer, universelle tiltak kor dette er realistisk, med meir.
- Steg 4 – Ferdigstilling og vedtak av plan.
Planen skal ha ein varigheit på 10 år. Tiltaks- og handlingsdelen rullerast og oppdaterast kvart år.
Medverknad
Medverknad er ein viktig del av planarbeidet. Fortløypande vil det inviterast til arbeidsøkter , møter og innspels runder, og kordan du kan vere med å bidra i planarbeidet.
Plan for friluftslivets ferdselsårer
Lag og foreingar med friluftsliv som formål vart invitert til denne fyrste arbeidsøkta.
Formålet med økta var å introdusere arbeidet med planen og byrje på kartleggingsarbeidet til steg 2.
Det vart arbeida med fysiske kart og diskusjon omkring merking og skilting.
Arbeidet med Plan for friluftslivets ferdselsårer og Naturmangfaldsplanen går framover.
Arbeidet med innsamling av kunnskap for ferdselsplan for friluftsliv og naturmangfaldsplanen har fin flyt.
Det deltok 30 engasjerte innbyggarar i Årdal på denne andre medverknadskvelden for å samle, utveksle informasjon og dele kunnskap om naturmangfald, stiar og ferdselsårar i kommunen vår.
Meir informasjon om planarbeidet kan du finne her
Temaplan for friluftslivets ferdselsårar Årdal kommune pdf.pdf (PDF, 312 kB)