Ei lokal gebyrforskrift for sakshandsaming og kontroll gir kommunen heimel til å finansiere
arbeidet med desse oppgåvene i tråd med prinsippet om at ureinar betalar. Utan gebyr for
desse arbeidsoppgåvene vil finansieringa skje over kommunebudsjettet. Kommunen er plikta
til å utføre desse oppgåvene. Måla seier at vassførekomstar skal forbetrast og gjenopprettast
slik at dei har minst god miljøtilstand. Dei skal også vernast mot påverknad som reduserer
miljøtilstanden. Nasjonale føringar seier at kommunen skal syte for at alle avløpsanlegg i
kommunen når reinsekrava i forureiningsforskrifta innan 2027, og seinast innan 2033.
Kommunen arbeider no med eit vertskommunesamarbeid for å løyse lovpålagde oppgåver
innan ureining og tilsyn med private avløp. Det er eit ynskje om at gebyrforskrifta, som opnar
for å ta gebyr for desse oppgåvene, er lik for alle kommunane i samarbeidet. Dette vil gi like
føresetnadar for å finansiere arbeidet.
I framlegg til forskrift vert det fastsett sakshandsamings- og tilsynsgebyr innanfor kap. 2, 12,
13 og 15 i forureiningsforskrifta.
Forskrifta vil bidra til at kommunen får auka innsats for å nå miljømåla og hindre ureining til
miljøet. Dette kan resultere i positiv effekt på miljøtilstanden i vassførekomstane i
kommunen, lede til auka biomangfald, samt bidra til å oppretthalde naturgodar og
økosystemfunksjonar. Eit betre miljø og målretta arbeid mot reduksjon av ureining i
kommunen kjem innbyggjarane til gode.
Kommunen skal drive sakshandsaming og tilsyn innanfor sitt myndigheitsområde etter
forureiningsforskrifta.
Ei lokal gebyrforskrift for sakshandsaming og kontroll gjev kommunen heimel til å dekke
kostnadane det inneber å utføre desse oppgåvene. Å finansiere dette arbeidet gjennom
gebyr er i tråd med prinsippet i forureiningslova § 2 nr. 5 om at ureinar betaler. Alternativet er
å finansiere arbeidet over kommunebudsjettet. Desse kostnadane kan heller ikkje bli dekka
over vatn- og avløpsgebyr eller gebyr etter plan- og bygningslova § 109.
Kommunen sine oppgåver består delvis av handsaming og tilsyn. For at kommunen skal nå
måla i vassforskrifta må kommunen utføra tilsyn på alle avløpsanlegg innanfor sitt
myndigheitsområde.
Uttalelser sendes inn skriftlig til: postmottak@ardal.kommune.no eller til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen innen 01.09.2026
Forskrift - Gebyr avløp og ureining (PDF, 28 kB)