Detaljreguleringsplan for Storevegen 9 - 11

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Storevegen 9 - 11 

I medhald av §§ 4-3, 12-1 og 12-8 i plan- og bygningslova ver det varsla om igangsetting av privat detaljreguleringsplan for Storevegen 9 -11 i Øvre Årdal.

Detaljreguleringsplan

Skisse av mogleg utforming av bygga. Biletet er berre ein skisse. Prosjektet er i tidleg fase, og utforminga er ikkje endeleg.

Framleggsstillar
Arkitektkontoret A38 er plankonsulent på vegne av tiltakshavar Årdal Eigedom, som er framleggsstillar.

 

Planområdet
Planområdet er plassert sentralt i Øvre Årdal, og femnar om eit areal på 5,00 daa som vist på vedlagd kartutsnitt.

Planområde

Hovudmålet med planarbeidet
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for transformasjon av bygningsmassen i form av ny fasade og bygging av leilegheiter. Kontor og forretningar i 1. etasje vil i stor grad bli ført vidare som i dag. 

Detaljreguleringsplanen vert utarbaidd som ein privat reguleringsplan i samråd med Årdal kommune.

 

Merknader, uttale og spørsmål
Innspel til planarbeidet skal vere skriftleg, og kan rettast til Arkitektkontoret A38 v/Rolf Sande

Rolf Sande

Adresse: Kyrkjevegen 6, 6856 Sogndal

E-post: post@a38.no

 

For meir informasjon om planarbeidet kan ein også kontakte ÅBBL v/Line Moen

Line Moen

Adresse: Storevegen 9, 6884 Øvre Årdal

Telefon: 979 77 191

E-post: firmapost@aabbl.no

Dersom du har merknadar til planen, supplerande opplysingar, synspunkt, planer eller informasjon om tinglyste rettar som kan vere av interesse for planen/planarbeidet, ber vi om at du tilskriv ovannemnde kontaktpersonar.

 

Vidare saksgang
Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiinger (KU).

  • Det skal utarbeidast planframlegg med tihøyrande ROS-analyse
  • Planframlegget leggast ut til offentleg ettersyn når kommunen finn framlegget tilfresstillande. I samband med gjennomføring av offentleg ettersyn, vil det vere mogleg å kome med merknadar og gje supplerande informasjon til planframlegget. Eventuelle merknadar/supplerande informasjon vil verte vurdert i samband med den vidare handsaminga av planen.
  • Til slutt vil planframlegget verte teke til sultthandsaming i kommunestyret for vedtak/godkjenning

Vedlegg
Planinitiativ Storevegen 9 -11 (PDF, 2 MB)
Varsel om oppstart av planarbeid (PDF, 348 kB)
Møtereferat - førehandskonferanse (PDF, 147 kB)
Oppstartsmøtereferat (PDF, 270 kB)
Vedtaksbrev - Storevegen 9 -11 (PDF, 124 kB)