For kaféar, konditori, kantiner, gatekjøkken, foodtrucks, bensinstasjonar og andre som skal servere mat og alkoholfri drikke.
Når treng du serveringsløyve?
Planlegg du å starte ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve. I nokre få tilfeller treng du ikkje løyve.
Korleis få serveringsløyve?
- Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsbevilling. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.
- Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Lokalet for serveringsstaden må være godkjent av bygningsmyndigheitene til bruk for serveringsverksemd.
- I nokre tilfelle treng vi ei planteikning over serveringsarealet.
- Dersom det er eit eigarskifte må du søkja om eige serveringsbevilling seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
Korleis søke?
Klikk på lenka og logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.
Send elektronisk søknad.
Vedlegg til søknad
- Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader.
- Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
- Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
- Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for denne.
- Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for avtalen.
- Stadfesting på at verksemda er registrert av Mattilsynet.
- Planteikning i A4-format. Serveringsarealet skal vere skravert og bord og sitteplassar innteikna. Ved uteservering skal også teikning over plassering av uteareal leggast ved.
- Nærmare skildring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
- Dokumentasjon for bestått etablerarprøve for styrar/dagleg leiar.
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Kor lang tid tek det?
Søknad om serveringsløyve skal handsamast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatteetaten. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller dersom du gjere endringar undervegs i søknadsbehandlinga.
Kva kostar det?
Det er gratis å søke om serveringsløyve.
Meir informasjon finn du i Serveringsloven.
Sist endra 30.09.2025 12:45