Når treng du salsløyve?
Butikkar som skal selje alkohol må søke om salsløyve. Løyvet gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Det må søkast om nytt løyve ved vesentlege endringar i eigarsamansetning eller endring av konseptet for verksemda.
Ved verksemdsoverdraging kan ny eigar drive på eksisterande løyve i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om nytt løyve må vere levert kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.
Ved konkurs fell løyvet bort.
Kven kan få salsløyve?
Løyvet vert gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og vikar for løyvet. Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven.
Korleis søke om salsløyve?
Klikk på lenka lengre ned på denne sida. Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.
Vedlegg som må følgje søknad om salsløyve
- Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månadar.
- Aksjeselskap må sende inn utskrift av aksjeeigarbok med revisor si stadfesting på eigarforholda i verksemda.
- Opplysningar om eventuelle tidlegare eigarforhold.
- Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala, der det blir søkt bevilling og evt. utløpsdato for denne.
- Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
- Teikningar over salsstaden i A4-format, som klart viser kvar dei alkoholhaldige varene skal plasserast.
- Dokumentasjon på at styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøven for sal etter alkoholloven. Dersom prøva ikkje er avlagt i Årdal, må du leggje ved stadfesting.
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon.
Send elektronisk søknad
Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli handsama før alle nødvendige vedlegg er motteke.
Sakshandsamingstid
Sakshandsamingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjere endringar undervegs i handsaminga av søknaden.
Dersom løyvet blir innvilga, får søkjar eit eige dokument, eit løyvebrev, saman med vedtaket. Løyvebrevet er dokumentasjon på at de har rett til å selje alkohol.
Ver merksam på at dersom de får løyve, kan salet likevel ikkje starte før:
- de har motteke melding om løyve
- styrar og vikar for styrar har bestått kunnskapsprøve
- internkontrollsystem etter alkohollova er oppretta, sjå kommentar og lenkje nedanfor.
- eventuelle tilleggskrav i vedtaket er oppfylt
I følge kapittel 8 i alkoholforskrifta må bevillingsinnehaver ha eit internkontrollsystem for å sikre at krava i alkohollova og -forskrifta blir haldne. Helsedirektoratet har utarbeidd "Guide til god internkontroll etter alkoholloven".
Kommunen innhentar uttale frå andre myndigheiter
Som eit ledd i sakshandsaminga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter. Den som står som ansvarleg for salsløvyet og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion m.m.
Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig i lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk. Ved vurdering av løyvehavaren og andre personar sin vandel som nemnt over, kan det ikkje takast omsyn til forhold som er eldre enn fem år.
Rapportering
Omsetning skal rapporterast årleg til Årdal kommune innan 1. april på elektronisk skjema.