Køyring av motoriserte køyretøy i utmark og vassdrag er regulert av motorferdselslova med tilhøyrande forskrifter. Det er Felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland som handhevar lova på dette området.
Sist endra 25.07.2025 08:31
Motorferdsel/køyring, i utmark og vassdrag er regulert i eiga lov for å verne naturmiljøet og for å fremje trivsel. Med utmark er meint udyrka mark. Veg i utmark som ikkje er opparbeidd for køyring av bil er og definert som utmark. Eller opparbeidd veg som ikkj er brøyta for køyring med bil. Med vassdrag er meint opne og islagde elvar, bekkar og innsjøar.
Køyring i samband med redningsteneste, jord- og skogbruksnæring eller til faste bustader er det ikkje nødvendig å søkje om. For annan type motorferdsel må du søkja om løyve.
Les meir og søk om løyve til motorferdsel i utmark og vassdrag på sida til Felles Landbrukskontoret ÅLA