Tobakksal og tilsynsavgiftLytt til tekstenStopp avspillingAlle som sel tobakksvarer skal vere registrert i tobakkssalsregisteret og betale tilsynsavgift. Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteretAlle som sel tobakksvarer må registrere seg i tobakkssalsregisteret til Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettar, gjenoppfyllingsbehaldar, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogater.Om du skal slutte å selje tobakksvarer, må du avregistrere deg i tobakkssalsregisteret.Les meir om korleis du registrerar og avregistrerar tobakkssal av Helsedirektoratet.Kontroll av tobakksalKommunen kontrollerar at stadar som sel tobakksvarer følger følgjande bestemmelsar i tobakkskadelovverket mellom anna at:opplysningane i Tobakksalregisteret stemmer med opplysningane på salsstadenvarene er kjøpt frå ein registrert grossisttobakksvarer ikkje blir selde til personer under 18 årsalsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverketdet ikkje er reklame for tobakksvarertobakksvarer ikkje blir selde med rabatt eller gitt vekk gratisTilsynsavgiftAlle salsstadar for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen.Sjå prisane i følgjande oversikt Avgifta er regulert i tobakksalgsforskriften.Årdal kommune fakturerer tilsynsavgifta på slutten av året.Lover og forskrifterForskrift om registrering av og tilsyn med salg av tobakksvarer mv. (tobakkssalgsforskriften)Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadeloven)Forskrift om forbud mot tobakksreklame mv. Sist endra 05.01.2026 11:04