Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år.
Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år.
- Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve.
- Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart.
- Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. Du må varsle kommunen om du skal drive vidare mellombels.
- Styrar og avløysar må ha klart kunnskapsprøven i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.
- Dagleg leiar må ha bestått etablererprøven for å kunne søke om serveringsløyve
- Det er krav om uklanderleg vandel i høve til alkohollova. Vert gjort vandelskontroll.
- Styrar og avløysar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- Styrar og avløysar må vere over 20 år
Klikk på lenka til søknadsskjema og logg inn via ID-porten for å opprette søknaden.
Søknadsskjema skjenkeløyve
Logg inn via ID-porten for å opprette søknaden. Du må oppgi om du skal starte ein ny stad som ikkje har løyve eller om du skal overta og drive ein eksisterande stad.
- firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta.
- foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar.
- skatteattest for driftsselskapet.
- teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering
- vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd prøven
- opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon, som til dømes budsjett og finansieringsplan. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Som eit ledd i sakshandsaminga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter.
Den som står som ansvarleg for skjenkeløvyet og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion m.v.
Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig i lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk.
Ved vurdering av løyvehavaren og andre personar sin vandel som nemnt over, kan det ikkje takast omsyn til forhold som er eldre enn fem år.
Sakshandsamingsfristen for sals- og skjenkeløyve er ifølgje alkohollova fire månadar. Normalt er sakshandsamingstida i Årdal kommune 4-6 veker for allment skjenkeløyve. Sakshandsamingstida vert rekna frå det tidspunktet søkjar har sendt oss alle dokumenta vi treng for å handsame søknaden.
Søknaden blir send på høyring til politiet, sosialtenesta og Skatteetaten.
Sakshandsamingstida kan bli lengre viss høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller viss søkjar gjer endringar undervegs i handsaminga. Kommunen vil då orientere om forseinkinga.
Løyvegebyret blir fastsett for eitt år av gangen for kvart enkelt løyve, med grunnlag i forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk. Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommunen gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.
Om du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist, vil det føre til sanksjon i form av to prikkar, jamfør alkoholforskrifta § 10-3.
Frist for innsending av omsetningsoppgåva er 1. april.
Har du fleire løyve så må du sende inn ei omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad.
Sist endra 29.09.2026 11:22