Du treng serveringsløyve dersom du planlegg å starte ein serveringsstad der du serverer mat eller drikke som næringsverksemd, anten innandørs eller utandørs, og også ved sjølvbetening.
Serveringsstaden må og ha godkjenning av Mattilsynet.
Alle som vil drive ein serveringsstad skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke og lokalet er lagt til rette for å ete på staden.
- Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve.
- Har du overteke ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert behandla. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt.
- Dagleg leiar ved staden må ha bestått etablererprøven for å kunne søkja om serveringsbevilling. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.
- Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
- Lokalet for serveringsstaden må være godkjent av bygningsmyndigheitene til bruk for serveringsverksemd.
- I nokre tilfelle treng vi ei planteikning over serveringsarealet.
- Dersom det er eit eigarskifte må du søkja om eige serveringsbevilling seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging
Klikk på lenka til søknadsskjema og logg inn via ID-porten for å opprette søknaden.
Send elektronisk søknad.
Du må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.
- Firmaattest som ikkje er eldre enn 2 månader.
- Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.
- Dokumentasjon av eigarforhold. For aksjeselskap med revisorattestert utskrift frå selskapet si aksjonærregisterbok.
- Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for denne.
- Kopi av avtale som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til utearealet der det blir søkt om bevilling, og eventuell utløpsdato for avtalen.
- Stadfesting på at verksemda er registrert av Mattilsynet.
- Planteikning i A4-format. Serveringsarealet skal vere skravert og bord og sitteplassar innteikna. Ved uteservering skal også teikning over plassering av uteareal leggast ved.
- Nærmare skildring av driftskonseptet (opningstid, målgruppe, m.m.)
- Dokumentasjon for bestått etablerarprøve for styrar/dagleg leiar.
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Søknad om serveringsløyve skal handsamast innan 60 dagar jf. serveringsloven § 10. Før søknaden blir avgjort skal kommune hente inn uttale frå politiet.
I Årdal kommune vil det vanlegvis gå raskare enn 60 dagar.
Det er gratis å søke om serveringsløyve.
Sist endra 01.10.2025 14:33