SalsløyveLytt til tekstenStopp avspillingButikkar som skal selje alkohol må søke om salsløyve. Løyvet gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve. Når treng du salsløyve?Butikkar som skal selje alkohol må søke om salsløyve. Løyvet gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol. Det må søkast om nytt løyve ved vesentlege endringar i eigarsamansetning eller endring av konseptet for verksemda.Ved verksemdsoverdraging kan ny eigar drive på eksisterande løyve i inntil tre månader. Melding om verksemdsoverdraging og søknad om nytt løyve må vere levert kommunen innan 30 dagar etter at overdraginga har skjedd.Ved konkurs fell løyvet bort.Kven kan få salsløyve?Løyvet vert gjeve til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet. I søknaden må du gi opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og vikar for løyvet. Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven.Korleis søkje om salsløyve?Logg inn på elektronisk søknadsskjema via ID-porten for å opprette og sende søknad.Send elektronisk søknadDu må vere styreleiar, dagleg leiar eller ha fått tildelt rolla «kommunale tenester» i Altinn for å kunne representere selskapet.Vedlegg som må følgje søknadenFirmaattest som ikkje er eldre enn 2 månadar.Aksjeselskap må sende inn utskrift av aksjeeigarbok med revisor si stadfesting på eigarforholda i verksemda.Opplysningar om eventuelle tidlegare eigarforhold.Kopi av leigekontrakt som dokumenterer at det ligg føre eit leigeforhold til lokala, der det blir søkt bevilling og evt. utløpsdato for denne.Ved overdraging – kopi av kjøpekontrakt, evt. erklæring underteikna av begge partar der dato for overdraging går fram.Teikningar over salsstaden i A4-format, som klart viser kvar dei alkoholhaldige varene skal plasserast.Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven for sal etter alkoholloven. Dersom prøva ikkje er avlagt i Årdal, må du leggje ved stadfesting. Kommunen kan i enkelte tilfelle be om ytterlegare dokumentasjon.SakshandsamingstidDet kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Dersom løyvet blir innvilga, får søkjar eit eige dokument, eit løyvebrev, saman med vedtaket. Løyvebrevet er dokumentasjon på at de har rett til å selje alkohol.Ver merksam på at dersom de får løyve, kan salet likevel ikkje starte før:de har motteke melding om løyvestyrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøve internkontrollsystem etter alkohollova er opprettaeventuelle tilleggskrav i vedtaket er oppfyltUttale frå andreSom eit ledd i sakshandsaminga vil kommunen innhente uttale frå politi, skattemyndigheiter og eventuelt andre offentlege myndigheiter. Den som står som ansvarleg for salsløvyet og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel i høve straffelovgivinga, skatte- og avgiftslovgivinga, rekneskapslovgivnga, lov om forbod mot diskriminering på grunnlag av etnisitet, religion m.m. Desse personane må heller ikkje ha gjort seg skuldig i lovbrot i høve anna lovgiving på ein måte som vil vere i strid med sal av alkoholhaldig drikk. Ved vurdering av løyvehavaren og andre personar sin vandel som nemnt over, kan det ikkje takast omsyn til forhold som er eldre enn fem år.InternkontrollI følge kapittel 8 i alkoholforskrifta må bevillingsinnehaver ha eit internkontrollsystem for å sikre at krava i alkohollova og forskrifta blir haldne. Helsedirektoratet har utarbeidd Guide til god internkontroll etter alkoholloven som du kan lesa om her.Rapportering av omsetning og løyvegebyrLøyvegebyret blir fastsett for eitt år av gangen for kvart enkelt løyve, med grunnlag i forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk. Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommunen gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.Om du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist, vil det føre til sanksjon i form av to prikkar, jamfør alkoholforskrifta § 10-3. Frist for innsending av omsetningsoppgåva er 1. april.Har du fleire løyve så må du sende inn ei omsetningsoppgåve for kvar enkelt salsstad. Send inn omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling elektronisk.Satsane for løyvegebyret finn du i alkoholforskrifta.Aktuelle lenkjerAlkoholloven Alkoholforskriften ServeringslovenInternkontroll etter alkoholloven - for sals- og skjenkestaderBokføringsforskriftaLov om heilagdagar og heilagdagsfredRusmiddelpolitisk handlingsplan 2025-2028 for Årdal kommune Retningslinjer for sal- og skjenking i Årdal kommune 2024-2028 Sist endra 01.10.2025 14:32