KontrollarLytt til tekstenStopp avspillingDen som har fått tildelt sals- eller skjenkeløyve har ansvar for at dette vert gjort på ein forsvarleg måte. Kommunen er ansvarleg for gjennomføring av kontrollar på sals- og skjenkeløyver, i tillegg skal det gjennomførast kontrollar på tobakksal.Kommunen har avtale med Trygg24 for å utføre lovbestemte kontrollar av butikkar, restaurantar, kafe, pub med fleire, for sjå til at alkohol og tobakksal er forsvarleg og i samsvar med regelverk.Innhald i kontrollane:salskontrollar i butikkarskjenkekontrollar på restaurantar, barar, pubartobakksalreklameråd og rettleiing i driftsperiodenKommune får skriftleg rapport frå kontrollane. Løyvehavar får høve til å kommentere rapporten før kommune avgjer om forholdet utgjer eit brot på regelverket eller ikkje. Vert det vurdert som brot på alkohollova er kommunen plikta til å tildele prikkar. Konsekvensar ved brot på regelverket finn du her. Sist endra 11.03.2026 14:22