Søknad om skjenkeløyve - enkelt arrangement eller privat selskap
Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.
- Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve.
- Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve.
Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling.
- løyvesøkar må vere fylt 20 år
- du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år
Klikk på lenka til søknadsskjema og logg inn via ID-porten for å opprette søknaden.
Send elektronisk søknad
Skjenkeløyve på uteservering
For å få godkjent skjenkeløyve på uteservering må du leggje ved situasjonskart for skjenkeområdet.
Søknaden må vere komen inn til kommunen seinast 14 dagar før arrangementet.
- Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke.
- Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement.
For desse søknadane vil me be om uttale frå politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato.
For sals- og skjenkeløyve for eitt enkeltløyve – opne arrangement – skal det betalast minimumsgebyr i samsvar med alkoholforskrifta § 6-2.
Søknad om sal og skjenking for eitt enkelthøve skal vera til eit klart avgrensa arrangement, t.d. marknad, festival eller konsert.
Gjeldande avgifter for Årdal kommune frå 1. juli 2024
Gebyr | Tiltak | Sats 2024 |
Ambulerande skjenkeløyve (lukka lag) | Per arrangement | Kr. 440,- (jf. alkoholforskrifta § 6-2) |
Einskild løyve inntil 100 personar | Per arrangement | Kr. 440,- |
Einskild løyve 100-500 personar | Per arrangement | Kr. 650,- |
Einskild løyve over 500 personar | Per arrangement | Kr. 1700,- |
Etablerer/kunnskapsprøve | Per forsøk | Pris jf. alkoholforskrifta § 5-6 |
Faste skjenkeløyve | Per år | Pris jf. alkoholforskrifta § 6-2 |
Faste salsløyve | Per år | Pris jf. alkoholforskrifta § 6-2 |
Sesongløyve (3 mnd.) | Per år | Kr. 2000,- |
Eitt arrangement gjeld for inntil tre dagar samanhengande. For arrangement over tre dagar vil det bli berekna eit høgare gebyr.
Løyvegebyret skal betalast i samsvar med frist på faktura frå kommunen. Årleg løyvegebyr skal vere betalt innan 1 månad etter krav, elles vert løyvet inndrege til betaling finn stad. For seint innbetalt gebyr kan få konsekvens for vurdering av tildeling av løyve ved seinare høve
Sist endra 01.10.2025 14:35