Etablerer- og kunnskapsprøveLytt til tekstenStopp avspilling Etablererprøven for serveringDen som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøven, og vere fylt 18 år. Etablererprøven er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkoholloven. Prøven skal sikre at du som ansvarleg for ein serveringsstad har nødvendig kunnskap om økonomistyring og lovgiving.Gjennomføring av prøvenPrøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling, eller du kan få låne eit sett under sjølve prøven.Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde).Det kostar 400 kroner å ta prøven.Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner for kvart forsøk.Kva er pensum?Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tar prøven. Du kan kjøpe det direkte frå vinn.no.I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test. Prøvebevis som dokumentasjon Alle som består etablererprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Kvar kan du ta prøvenTa kontakt med Tenestetorget på telefon 57 66 50 00 for å avtale tidspunkt. Prøven er elektronisk, men du må gjennomføre den på rådhuset.Det er nok å avtale ei veke i forkant.Kunnskapsprøven alkohol for sal og skjenkingDet er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år. Gjennomføring av prøvenDette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar.Du vil få 60 minutt til å svare på spørsmåla. Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøven første gongen. Prisen for å ta prøven er 400 kroner for kvart forsøk.Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøven (pass, førarkort eller bankkort med bilde).Prøven er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok. PensumPensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifterPensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kap. 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter. Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøver via Vinn.noPrøvebevisAlle som består kunnskapsprøven får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Kvar kan du ta prøvenTa kontakt med Tenestetorget på telefon 57 66 50 00 for å avtale tidspunkt. Prøven er elektronisk, men du må gjennomføre den på rådhuset.Det er nok å avtale ei veke i forkant.Kunnskapsprøven for kontrollørSkjenkekontrollører må ha bestått kunnskapsprøven for kontrollører. Formålet er å kunne utføre ein forsvarleg sals- og skjenkekontroll.Gjennomføring av prøvenDette er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått må du ha 24 rette svar.Du vil få 60 minutt til å svare på spørsmåla. Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøven første gongen. Prisen for å ta prøven er 400 kroner for kvart forsøk.Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøven (pass, førarkort eller bankkort med bilde).Prøven er på norsk, og det er ikkje høve til å ha med tolk. Du kan bruke norsk ordbok. PensumDei som skal jobbe som sals- og skjenkekontrollørar har samme pensum som styrar og stedfortredar i butikkar og ved skjenkestader.Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv" - prøver via Vinn.noDet er ein fordel å ha lese Veileder i salgs- og skjenkekontroll, utgitt av Helsedirektoratet. PrøvebevisAlle som består kunnskapsprøven får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Kvar kan du ta prøvenTa kontakt med Tenestetorget på telefon 57 66 50 00 for å avtale tidspunkt. Prøven er elektronisk, men du må gjennomføre den på rådhuset.Det er nok å avtale ei veke i forkant.Lover og forskrifterForskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted. Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)Lov om omsetning av alkoholholdig drikk med vidare (alkoholloven)Forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk med vidare (alkoholforskriften) Sist endra 01.10.2025 14:21