Kommuneplan

Kommuneplanen er den viktigaste planen til Årdal kommune. Den viser korleis kommunen ynskjer å utvikle samfunnet, bruke areala og levere tenester til innbyggjarane.

Kommuneplanen består av to delar:

  • Samfunnsdelen handlar om mål og prioriteringar for utviklinga av Årdal.
  • Arealplan viser korleis areala i kommunen kan brukast.

Samfunnsdelen

Samfunnsdelen er den overordna planen for framtidsutviklinga i Årdal.

Planen beskriv:

  • Kva mål kommunen har
  • Kva problem og behov kommunen skal løyse
  • Kva tiltak og strategiar som skal bidre til å nå måla

Samfunnsdelen er grunnlaget for andre planar i kommunen og for arbeidet som vert gjort i tenestane.

Kommunestyret vedtok planen 16.06.22.

Arealdelen

Arealdelen viser korleis areala i Årdal kan brukast til ulike formål, som bustader, næring, friluftsliv og offentlege tenester.

Saman med samfunnsdelen er arealdelen det viktigaste grunnlaget for planlegging og utvikling av kommunen.

Sjå planane i kartportalen her

Kommunedelplanar

Ein kommunedelplan er ein plan for eit bestemte område eller tema, til dømes oppvekst, helse eller eit geografisk område.

Kommunen lagar kommunedelplanar når det er behov for det.

Fag- og temaplanar

Fag- og temaplanar handlar om eitt bestemt området. 

Planane skal:

  • Beskrive eit bestemt problem og behov.
  • Setje mål.
  • Vise kva tiltak som skal gjennomførast for å nå måla.