Slik sender du byggesøknadLytt til tekstenStopp avspillingOm du kan søke sjølv eller må bruke ein ansvarleg søkjar for din byggesøknad, kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.Sjekk først om du må sende byggesøknadPå Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine nettsider kan du enkelt sjekke om tiltaket krev byggsøknad (lenka direkte her)Slik søkjer duSjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen dinFør du startar eit byggeprosjekt (tiltak) må du undersøkje kva planar og reglar som gjeld for eigedommen. Ta kontakt med oss dersom du er usikker på tiltaket er tillatt (book ein samtale med ein av oss her)Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart Skaff situasjonskartEit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Teikn inn det du skal byggje, og vis avstand til eigedomstrenser og nærliggande bygg. Bestill nabolisteDersom tiltaket krev byggjesøknad, må du varsle naboane dine før du sender inn søknaden. Kontakt oss for å få oversikt over naboar som skal varslas, dette kan gjerast via epost: postmottak@ardal.kommune.no Send nabovarselNår du har motteke nabolista, sender du varsel til naboane dine før du sende inn byggjesøknaden.Informasjon og skjema som nyttas for å varsle naboar om byggeprosjektet ditt finn du her. Avstandserklæring eller nabosamtykkeHovudregelen er at bygningar skal plasserast minst 4 meter frå nabogrensa. Dette innber normalt ein avstand på minst 8 meter mellom bygningar på naboeigedomar. Dersom tiltaket ikkje oppfyller avstandskreva, må du innhente samtykke frå den aktuelle naboen og leggje dette ved søknaden. Send inn byggjesøknadFylle ut alle felt i søknaden og legg ved nødvendige dokumentasjon, til dømesteikningarsituasjonskartnabovarselkvittering for utsendt nabovarseleventuelle nabosamtykkjeannan relevant dokumentasjon Send byggsøknad digitalt via Direktoratet for byggekvalitet sine siderNår får du svar på søknaden?Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.Hugs å sende ferdigattest etter at bygget er ferdigNår byggjeprosjektet ditt er ferdig, må du søkje kommunen om ferdigattest. Først når søknaden om ferdigattest eller mellombels brukarløyve er gitt, kan bygningen takast i bruk.Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon.Les og søk om ferdigattest via Direktoratet for byggekvalitet sine sider Sist endra 15.07.2026 14:51