Kva vedtak kan du klage på?
Du kan klage på enkeltvedtak som er fatta i ei byggesak.
I vedtaket frå kommunen skal det stå noko om klagerett, frist for klage og kven klagen skal sendast til.
Kva er klagefristen?
Klagefristen er normalt tre veker frå den dagen du mottok vedtaket.
Klagen må vere sendt eller postlagt innan fristen går ut.
Dersom du ikkje har motteke vedtaket
Fristen er tre veke frå den dagen du fekk kjennskap til vedtaket, eller burde ha gjordt deg kjend med det.
Kan kommunen behandle ein klage som kjem for seint?
Ja. I enkelte tilfelle kan kommunen behandle ein klage sjølv om fristen er overskriden. Dette vert vurdert konkret i kvar enkelt sak.
Kven kan klage?
For å få behandla klagen din må du vere parti saka eller ha rettsleg klageinteresse.
Kva betyr det å vere part i saka?
Du er part dersom vedtaket gjeld deg direkte eller er retta mot det.
Kva er rettsleg klageinteresse?
Du kan ha rettsleg ilageinteresse dersom saka påverkar deg på ein måte som gjev deg ein særleg interesse i utfallet.
Dette kan til dømes gjelde:
- naboar og gjennbuarar
- bebuarar i nærområdet
- velforeiningar
- interesseorganisasjonar
- næringsdrivande som vert påverka av vedtaket
Påverknaden kan vere:
- fysisk, til dømes forhold som gjeld sol, lys, utsikt, luft eller skuleveg
- økonomisk, til dømes verdinedgang på eigedom eller konkurranseforhold
Kommunen vurderar i kvart enkelt tilfelle om du har rettsleg klageinteresse.
Korleis klagar du?
Klagen må vere skriftleg.
og vere sendt til oss som eit vanleg brev eller e-post.
For å behandle klagen treng vi:
- Skriv at det er ein klage.
- Skriv kva vedtak du klagar på, til døme saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
- Skriv kva tilknyting du har til saka, til døme at du er nabo eller næringsdrivande i området.
- Grunngjev kvifor du klagar, og skriv tydeleg korleis du ønskjer vedtaket endra.
- Om du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at det vert lagt ved klagebrevet.
- Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, til døme advokat.
Kan du be om at tiltaket vert stoppa medan klagen vert behandla?
Ja.
Dersom du meiner tiltaket ikkje bør gjennomførast før klagen er avgjort, kan du be om utsett iverksetjing av vedtaket.
Du må då forklare kvifor du meiner tiltaket bør stansast medan klagesaka vert behandla.
Kor sender du klagen?
E-post
postmottak@ardal.kommune.no
Postadresse
Årdal kommune
Statsråd Evensens veg 4
6885 Årdalstangen
Kor lang tid tek behandlinga?
Kommunen skal som hovudregel behandle klager innan åtte veker.
Dersom kommunen ikkje gjev deg medhald i klagen, vert saka sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg vurdering.
Lovgrunnlag
Reglane om klage finn du i forvaltningslova
Les forvaltningslova på Lovdata.