Ferdigattest og mellombels bruksløyve
Når eit søknadspliktig byggeprosjekt/tiltak er ferdig, skal tiltaket avsluttat med ein ferdigattest frå kommunen.
Sist endra 17.07.2026 13:48
Dersom det står att mindre arbeid som ikkje er vesentleg for trygg bruk av bygget, kan du søkje om mellombels bruksløyve.
Du kan ikkje ta eit søknadspliktig byggverk i bruk før kommunen har gitt anten mellombels bruksløyve eller ferdigattest.
Kva er ein ferdigattest?
Ein ferdigattest stadfestar at tiltaket er utført i samsvar med dei løyva og krava som gjeld for byggesaka.
Ferdigattest er den formelle avsluttninga av byggesaka.
Kva er mellombels bruksløyve?
Mellombels bruksløyv kan bli gitt når:
- dei vesentlege delane av tiltaket er ferdig
- bygget er trygt å ta i bruk
- det berre står att mindre arbeid
Kommunen vurderar i kvar enkelt sak om vilkåra for mellombels bruksløyve er oppfylt.
Korleis søkjer du om ferdigattest?
Direktoratet for byggkvalitet har informasjon om prosessen: Les om korleis du søkjer om ferdigattest
Søknadsskjema
Registrering av tiltak som er unnateke søknadsplikt
Har du oppført eit tiltak som er unnateke søknadsplikt, til dømes:
- frittliggjande bygning
- mindre tilbygg
må tiltaket likevel medlast inn til kommune slik at opplysningane kan registrerast korrekt.
Meldeskjema
Melding om bygning eller tilbygg som er unnateke søknadsplikt.