Bruksendring av bygg eller bustad

Skal du bruke bygget eller deler av det til noko anna enn det bygget er godkjent til? Til dømes dersom du vil: 

  • gjere loft eller kjellar om til soverom eller stove
  • dele opp bustaden i fleire bueiningar
  • etablere utleigedel eller sekundærleiligheit
  • endre bruk frå bustad til næring eller motsatt


Då kan det vere krav om å søkje om bruksendring.

Må du søkje om bruksendring?

Før du startar, bør du sjekke om tiltake krev søknad.

Direktoratet for byggkvalitet har ein rettleiar som hjelpe deg å avklar om du må søkje.

Sjekk om du må søkje om bruksendring

Reguleringsplan og kommuneplan

Kommuneplan og reguleringsplan kan setje grenser for kva eigedomen kan brukast til.

Dersom du ønskjer å bruke bygget eller arealet til noko anna enn det planen tillèt, må du vanlegvis søkje om dispensasjon. 

Du finn informasjon om reguleringsplanar her:

Du kan òg kontakte kommune for å få hjelp til å finne gjeldande planar og føresegnene som gjeld ofr eigedommen din. Book gjerne ein samtale.

Når kan du sende byggesøknad sjølv?

Du kan sjølv stå ansvarleg for søknaden dersom:

  • du endrer rom frå tilleggsdel til hovuddel innan same branncelle, til dømes frå bod eller vaskerom til stove, soverom.
  • du skal slår saman fleire bueiningar til ein bueining.

Dette må du leggjast ved dersom su skal slå saman bueiningar

  • opplysningar om gardsnummer, bruksnummer, eigar og adresse
  • situasjonsplan
  • målsette planteikningar som viser kva rombruk i alle etasjar
  • teikningar som viser dører, vindauge, trapper og inngang
  • følgjebrev med historikk om eigedomen og tidlegare endringar

Når må du bruke fagfolk?

Du må nytte ansvarleg føretak (fagfolk) dersom:

  • du skal etablere ny bueining, leilegheit eller sekundærleilegheit
  • du skal endre bygget til eit anna hovudføremål, til dømes frå bustad til næring eller motsatt
  • du skal gjere endringar i berande konstruksjonar, som bereveggar eller berande golv
  • du ønskjer å få godkjent ein eksisterande utleigedel som sjølvstendig bueining etter plan- og bygningslova

Søknadsskjema for bruksendring

Årdal kommune nyttar søknadsskjema frå Direktoratet for byggkvalitet. 

Last ned søknadsskjema for bruksendring

Er opplysningane om eigedomen feil?

Kommunen legg alltid opplysningane i natrikkelen til grunn når byggesøknader vert behandla. 
Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over eigedommar, bygningar, bustader og adresser.

Dersom opplysningane om bygningen din er feil registrerte, kan du sende brev eller e-post til kommune: postmottek@ardal.kommune.no

Du må dokumentere feilen med tidlegare løyve, godkjende teikningar eller annan relevant dokumentasjon.