Om du har meldt folkeregistrert flytting til Årdal får du velkomstbrev i posten og tilbod om å motta velkomstpakke.
Velkomstpakka – ein bit av Årdal
Årdal kommune og lokale bedrifter bidreg til innhaldet i velkomstpakken til nye innbyggjarar. Ta kontakt med tilflyttarkontoret for å få velkomstpakka som blant anna informasjon om Årdal og gåvekort frå kafear, senteret, Årdal Gym, kino, friluftsbasseng, restaurantar, Bulder&Brak og mykje meir.
Årdal kommune tek forbehald om at innhaldet kan variere i forhold til kva avtalar som er gjort med bedrifter.
Årdal kommune ønskjer deg hjarteleg velkommen til verda og bygda. Gratulera så mykje til dei flotte foreldra dine som har vald at akkurat du skal bli Årdøl.
Om du/de nyleg har fått baby, får de utdelt ein babypakke ved Årdal Helsestasjon frå tilflyttarkontoret som inneheld gåvekupongar frå lokale bedrifter i Årdal.
Årdal kommune tek forbehald om at innhaldet kan variere i forhold til kva avtalar som er gjort med bedrifter.
Har du valt å få fleire enn to born? Årdal ynskjer å gjere litt ekstra stas på dykk med ei utvida babypakke frå barn nummer tre og oppover.
Den utvida babypakken inneheld gåvekort frå Frisørstova for hovudbotnmassasje, og eit gåvekort frå Årdal Utvikling på 10 timar med reinhaldstenester, utført av Årdal Boligbyggelag.