Kulturmidlar

Lag og organisasjonar som har aktivitetstilbod kan søkje kommunen om kulturmidlar og driftstilskot. Det vert tildelt kun grunnstønda i 2026.

I tillegg vert det gjeve direkte stønad til løypekøyring og stønad til 17. mai komiteane.

Kulturmidlane vert tildelt to gonger i året med søknadsfrist 1. mars og 1. september. Grunnstønad vert kun tildelt ved første søknadsrunde. 
Det blei politisk vedteke at i 2025 ville det kun bli delt ut Grunnstønad i kulturmidlane. Dette vert fordelt og utbetalt etter fyrste søkjarrunde. Dette gjeld for 2026 og.

Kven kan søke om kulturmidlar?

Kommunalt tilskot kan gjevast til alle lag som driv kulturarbeid innan kommunen. Aktivitetar for born og unge vert prioritert.

  • kulturarbeid som vert drive regionalt kan og få stønad dersom det har positiv verknad for innbyggjarane i Årdal, og ikkje kjem inn under andre støtteordninger.
  • stønad til tiltak som konsertar, utstillingar, kulturkveldar eller andre kulturaktivitetar (søknad må vere motteken seinast ein månad før aktiviteten vert avvikla).
  • einskildpersonar som driv ein kulturaktivitet som kjem innbyggjarane i kommunen til gode, kan og motta stønad.
  • Organisasjonar som arbeider for medlemane sine yrkesinteresser eller økonomiske interesser, samt partipolitiske organisasjonar, har ikkje rett til stønad.
  • Det vil bli stilt strengare krav for tildeling til einskildpersonar og/eller der føremålet må karakteriserast som næring og/eller har eit kommersielt siktemål. 

Kva kan du søke om?

Grunnstønad

Alle lag og organisasjonar som driv kulturarbeid innan kommunen, og har minst 15 medlemer, kan søkje grunnstønad. Grunnstønaden vert kun tildelt ved første søknadsprosess med søknadsfrist 1. mars.

Grunnstønaden vert utrekna etter desse satsane:

Grunnstønad kulturmidlar
MedlemerSats
For dei fyrste 50 born, unge under 18 årkr 120 per medlem
For dei neste 250 born, unge under 18 årkr 60 per medlem
For born/unge utover 300kr 35 per medlem
For dei fyrste 50 vaksne medlemanekr 30 per medlem
For dei neste 250 medlemanekr 10 per medlem
For vaksne medlemer utover 300kr 5 per medlem

Nyskiping av lag

Lag som vert skipa kan søkje om stønad inn til kr 2.000.

Krav til søknaden

Alle lag som søkjer stønad pliktar å legge fram sine vedtekter, budsjett, rekneskap og medlemsliste som skiljer mellom over og under 18 år. Leiar må underteikne søknaden. Ufullstendige søknader vert ikkje handsama.

Dei som mottek kulturmidlar skal levere enkel rapport på bruk av midlane innan utgangen av tildelingsåret. Skjema er tilgjengeleg i forkant av søknadsfristar, deaktivert ellers.

Søknadsskjema for kulturmidlar

Delegert avgjerdsmynde

Samla tildeling av kulturmidlar skal handsamast i formannskapet etter tilråding frå Utval for oppvekst og kultur, og dei vert lyst ut i media om lag 14 dagar før.

Kommunedirektøren får delegert fullmakt til å handsame einskildsaker og tildele aktivitetsstønad og prosjektstønad på inntil kr. 10 000.

Send mail til postmottak@ardal.kommune.no.

Registrering

Me oppmodar og at alle lag og organisasjonar registrerer seg på vår nye løysing.         

Dette bør vere gjort før 1. april og innan sakshandsaming av søknad startar.

Har du spørsmål?

Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
E-post
Telefon 47 32 81 47