Spelemidlar til idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Spelemidlane er ei statleg tilskotsordning til bygging av anlegg for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Midlane skal bidra til infrastruktur som gjev befolkninga anledning til å drive fysisk aktivitet, både i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten og gjennom eigenorganisert aktivitet.

Har laget eller organisasjonen din planar om å byggje eller rehabilitere eit anlegg? Då ønskjer me gjerne innspel frå lag og organisasjonar som har aktuelle prosjekt.

Det kan søkjast om spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette kan mellom anna vere idrettsanlegg, nærmiljøanlegg, turstiar og -løyper, merking og kart.

Å leggje til rette for at folk kan vere fysisk aktive  både gjennom organisert aktivitet og på eige initiativ i sitt eige nærmiljø, bidreg til betre livskvalitet og god folkehelse.

Spelemidlar er ei viktig ordning for å bidra til finansiering av slike anlegg.

Det kan søkast om spelemidlar til:

  • bygging og rehabilitering av idrettsanlegg, friluftslivsanlegg og nærmiljøanlegg som er opne for allmenn idrettsleg virksomheit eller eigenorganisert aktivitet, og som ikkje er underlagt kommersielle interesser. 
  • Kjøp og innredning av eksistereande anlegg.
  • Universell utforming av eldre idrettsanlegg. 

 

Kven kan søke?

Dei som kan søkje om spelemidlar er hovudsakleg kommunar, idrettslag, enkelte friluftslivsorganisasjonar . Andre lag og organisasjonar kan også bli godkjende søkarar avhengig av laget sine vedtekter.

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje departementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

Korleis søker du? 

Alle søknader skal sendast inn via Anleggsregisteret. Der finn du også informasjon om krav, dokumentasjon og søknadsprosessen.

Det er viktig å starte søknadsprosessen tidleg for å sikre ein god og komplett søknad.

Før du startar søknaden, må du ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjon nedst på sida.

Gjennom kontakt med kommunen får du tildelt eit anleggsnummer, som skal nyttast når du registrerer søknaden i Anleggsregisteret.

Saksgang og viktige tidsfristar 

15. juni
Kultur- og likestillingsdepartementet kunngjer opninga av spelemiddelordninga.

1. august
Frist for å informere kommunen om at det kjem ein søknad.

1. oktober
Frist for å sende inn søknaden i Anleggsregisteret.

Oktober–november
Kommunen utarbeider prioriteringsliste over årets søknader. Lista blir sendt til idrettsrådet og deretter vidare til politisk behandling.

15. januar
Frist for samla oversending av kommunen sine spelemiddelsøknader til fylkeskommunen.

 

 

Nyttige lenker 

Anleggsregisteret

Info om søknadsprosessen

Søknadsskjema

Bestemmelser for tilskott til anlegg

Rutiner  søknad om spelemidler (DOCX, 194 kB)

Har du spørsmål?

Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
Telefon 47 32 81 47