Kva er eigentleg klima- og naturrisiko?
Dei fleste av oss tenkjer på risiko som sjansen for at noko gale skjer. Men når det gjeld klima og natur, held ikkje den enkle reknemåten «sannsyn gonger konsekvens». Korleis set du eit tal på sjansen for ei ekstrem regnbye som låser seg over bygda – eller på kva eit endra fjordlandskap betyr for folk om hundre år?
Difor brukar vi ei breiare forståing: risiko = konsekvens + sannsyn + kunnskap. Det tredje leddet, kva vi faktisk veit, er like viktig som dei to andre. Nokre gonger er konsekvensen alvorleg sjølv om vi er usikre på når og kor ofte – og då bør vi handle med varsemd i staden for å vente på det perfekte talet.
Klima- og naturrisiko handlar ikkje berre om liv og helse. Det handlar like mykje om naturopplevingar, jakt og fiske, kulturlandskap, lokal identitet og det grunnlaget næringslivet vårt står på.
Fysisk risiko – når klimaet og naturen endrar seg
Fysisk klimarisiko er det som skjer når sjølve klimaet endrar seg: høgare temperatur, meir nedbør, stigande havnivå og hyppigare flaum og skred – og kva dette igjen gjer med samfunnet, som skade på hus og vegar eller fare for liv og helse.
Fysisk naturrisiko er faren ved at vi mistar natur og naturmangfald: artar forsvinn, bestandar går ned, naturområde blir bygde ned. Konsekvensane for samfunnet kan vere mange av dei same som ved klimaendringar.
Det utfordrande er at dei to forsterkar kvarandre. Klimaendringar gjer for eksempel vilkåra for villrein dårlegare, samtidig som tap av natur andre stader på kloden – som hogst av regnskog – set fart på klimaendringane.
Grenseoverskridande risiko – verda heng saman
Klima- og naturhendingar i andre land kan råke oss her heime. Tørke som øydelegg soyaavlinga i Brasil kan gi dyrare kraftfôr for norsk jordbruk og fiskeoppdrett. Slik «grenseoverskridande risiko» spreier seg gjennom handel, infrastruktur og flytting av menneske.
Overgangsrisiko – også løysingane har ein bakside
Når politikk og teknologi blir endra for å kutte utslepp eller verne natur, kan det skape nye utfordringar. Nye avgifter, forbod eller verneområde kan til dømes få økonomiske følgjer for ei bedrift, ei næring eller eit utbyggingsprosjekt. Dette kallar vi overgangsrisiko – ein utilsikta sideeffekt av tiltak som i seg sjølv er fornuftige.