Klima- og naturrisiko analyse
Tabellen under samlar dei dokumenterte funna frå arbeidet i Årdal. Sjølve graderinga av kor alvorleg kvar risiko er (låg/middels/høg), er noko kommunen må fastsetje i det vidare planarbeidet, basert på lokale terskelverdiar og medverknad. Oversikta her viser kva vi veit i dag og kor godt kunnskapsgrunnlaget er.
Sist endra 17.06.2026 10:31
Fysisk klimarisiko
| Risiko | Kva rapporten viser for Årdal | Kunnskapsgrunnlag |
|---|
| Tap av snø | Årdal skårar høgt mot andre Vestlands-kommunar; tydeleg auke i dagar med lite snø | Godt (KSS / Noradapt) |
| Flaum | Årdal skårar høgt; konkrete fareområde kartlagde (m.a. Årdalstangen, Seimsdalen, Utladalen, Naddvik) | Godt (KSS / NVE) |
| Skred | Fareområde m.a. ved Mirangjel og Lysenakken | Middels – krev lokale vurderingar |
| Overvatn | Kjende problem ved Årdalssenter og Farnes | Middels |
| Rote i trekonstruksjonar | Venta særleg stor auke (varmare og våtare klima) | Godt |
| Sårbar befolkning | Peika på som ein kritisk sårbarheit (høg del eldre, informasjonsflyt) | Middels |
| Isolasjon/beredskap | Fare for stengde vegar og isolerte bygder (Seimsdalen, Naddvik) | Godt – erfaring frå uvêret Jakob 2024 |
Fysisk naturrisiko
| Risiko | Kva rapporten viser for Årdal | Kunnskapsgrunnlag |
|---|
| Arealinngrep (hytter, kraft, veg) | Nedbygging og auka ferdsel forstyrrar natur og dyreliv | Middels – treng meir detaljert kartlegging |
| Press på villrein | Klimaendring + ferdsel og utbygging gir samla belastning | Middels/godt for nøkkelartar |
| Vasskraft og vassdrag | Endra vassføring og inngrep påverkar natur | Middels |
| Forureining + klimafare | 11 lokalitetar med forureining ligg i klimautsette område | Godt (kartlagt via Vannklimrisk) |
Grenseoverskridande risiko
| Risiko | Kva rapporten viser | Kunnskapsgrunnlag |
|---|
| Import sårbar for klima/natur i andre land | Mest aktuelt for næringar som er avhengige av importerte råvarer | Svakt. metoden er framleis under utvikling, manglar nasjonalt grunnlag |
Overgangsrisiko
| Risiko | Kva rapporten viser for Årdal | Kunnskapsgrunnlag |
|---|
| Strengare utsleppskrav for industri | Avgjerande for Hydro; framtidige klimagassavgifter er sentrale | Svakt/middels. avheng av nasjonal politikk |
| Tilgang til ny fornybar energi | Behov for nok fornybar kraft for å erstatte fossil energibruk | Middels |
Vil du gå djupare? Les heile rapporten her. (PDF, 3 MB)