Rapporten tar fram fleire risikoområder som må inkluderast i kommunal planlegging.
Klimarisiko er bundet saman av fleire risikoar, som fysisk risiko og overgangsrisiko.
Fysisk risiko er for klimaområdet knytt til endringar av klima (t.d. auka temperatur, auka nedbør), dei direkte verknadane av dette på natur (t.d. havnivåstigning eller auke i flaum- og skredhendingar) og konsekvensane av dette igjen på samfunnet (t.d. tap av liv, redusert helse, og skade på fysisk infrastruktur).
På naturområdet er fysisk risiko knytt til tap av natur og naturmangfald (t.d. tap av artar, nedgang i bestand av artar, tap av naturområde) med nokre av dei same konsekvensane for samfunnet som for klimaendringar. I tillegg kan endringar i klima og tap av natur påverke og forsterke kvarandre negativt (t.d. vil klimaendringar bidra til at vilkår for villrein i Norge blir dårlegare, medan tap av regnskog på grunn av hogst vil bidra til å forsterke klimaendringane). Ein underkategori av fysisk risiko er grenseoverskridande risiko, som er fysisk risiko utløyst av klima- eller naturendringar i eitt land (t.d. tørke som reduserer avling av soya i Brasil) med samfunnsmessige konsekvensar i eit anna land (t.d. auka pris på kraftfôr for norsk jordbruk og fiskeoppdrett).
Overgangsrisiko er knytt til innføringa av politiske, juridiske, teknologiske og økonomiske endringar for å redusere utslepp av klimagassar, tilpasse samfunnet til klimaendringar, eller verne om natur eller rette opp tidlegare tap av naturmangfald.
For naturrisiko er naturen vil i mange tilfelle vere ein viktig faktor for innbyggarane sin trivsel og bu-lyst gjennom naturopplevingar, friluftsliv, hausting av bær, jakt og fiske. Tap av natur, naturtypar, økosystem, økosystemtenester eller artar kan virke negativt for innbyggjarar. T.d. innskrenkingar i laksefiske eller sjøfiske, nedbygging av strandsone etc. kan vere negativt for innbyggjarar. Påverknad av natur frå innbyggjarane er også aktuelt å ta med, også her i hovudsak knytt til fritidsaktivitetar som ferdsel i natur og hausting av naturressursar, men også knytt til etablering av bustader og hytteområde.
Årdal kommune vil legge fram sitt eige arbeid med analysearbeidet. I mellomtida kan du lese rapporten her