Tilskotsordning frå Miljødirektoratet
Miljødirektoratet har ei tilskotsordning der ein kan få tildelt midlar til større prosjekt i samband med både opprydding og førebyggjande tiltak. Dette håpar dei kan bidra til gjennomføring av tiltak for å redusere marin forsøpling i Noreg.
Frivillige og ideelle organisasjonar og stiftingar registrert i einingsregisteret, kan søkje om støtte i forkant av eit prosjekt (minimum 300 000,-). Privatpersonar kan dog ikkje søkje på dette tilskotet!
Fristen for å søkje er 31. januar.
Les meir om tilskotsordninga
Refusjonsordning - Hold Norge Rent
Organisasjonen Hold Norge Rent administrerer ei refusjonsordning for handtering av eigarløst marint avfall (avfall du finn i elvar, sjøar, vassdrag, osb.), og er òg finansiert av Miljødirektoratet. Alle kan nytte seg av denne ordninga (òg privatpersonar!), og du kan få refundert utgifter du har hatt når du har rydda marint avfall.
Årdal kommune er distributør for Hold Norge Rent, ta kontakt for å opprette aksjon eller følg med på kommunens heimesider for å bli med på organiserte aksjonar. Ta kontakt for å få utstyr om de ynskjer å ta ein rydderunde i Årdalsnaturen. Dette kan de gjere året rundt, og utstyr vil de få utdelt fra kommunen. Avfallet leverast til Sunde Resirk. Om det er utgifter knytt til ryddinga, kan refusjonsordning brukast.
Les meir om ryddeaksjonar Rydde Norge
Plastdugnaden 2025
Kva er ein plastdugnad?
Ein plastdugnad er ein ryddeaksjon med fleire deltakarar – altså planlagd rydding av søppel i nærmiljøet og/eller naturområde. Området som skal ryddast, blir beskrive i søknaden. Det er ikkje lov å rydde på foreininga sine eigne område.
Kven kan søkje støtte?
Foreiningar, til dømes klubbar, lag, korps, drill og kor, som ikkje har miljø eller plast som føremål, med medlemmar i alderen 6 til 19 år. Skular, FAU og russegrupper kan ikkje søkje.
Ulike lag i same klubb kan sende inn eigne søknader. Det er likevel viktig å vere merksam på at vi berre kan utbetale midlar til ein konto som er eigd av organisasjonen som står som søkjar. Det er då søkjaren sitt ansvar å sørgje for at midlane går til rett lag.
Kvar deltakar i alderen 6 til 19 år som ryddar i minst tre timar, kvalifiserer for støtte (tida kan fordelast over fleire dagar). Kvart barn/ungdom kan berre få støtte for deltaking i éin ryddeaksjon.
Krav til gjennomføring:
Ryddinga skal gjerast av barn og ungdom. Det er krav om at minst éin frå foreininga er ansvarleg for dugnaden.
Foreininga har HMS-ansvaret under gjennomføringa, sjå Hold Norge Rent og Rusken for konkrete råd og tips.
Foreininga er ansvarleg for at dugnaden skjer i område som faktisk er forsøpla, og som ikkje nyleg er rydda av andre.
Utgifter til søppelsekkar og hanskar må dekkjast av dugnadsmidlane.
Rydda avfall skal leverast til godkjent mottak. Dersom det må betalast for levering av avfall, må denne kostnaden dekkjast av dugnadsmidlane som blir utbetalt. Transport av avfallet blir ikkje dekka. Det er ikkje tillate å kaste avfallet i avfallsbehaldarar som tilhøyrer private, kommunar eller verksemder.
Krav til skånsam rydding:
Det skal ikkje ryddast i særleg sårbare område. Sjå kart frå Miljødirektoratet og huk av for naturreservat nede til venstre i kartet. Bruk elles sunn fornuft.
Ta omsyn til sårbart fugleliv når ryddeaksjonen blir planlagd.
Nokre stadar er det ferdselsforbod i visse periodar. Dette er vanlegvis frå 15. april til 15. juli, men det kan vere lokale avvik.
Les meir om plastdugnaden: Plastdugnaden