
Faren for spreiing av den svartelista lupin opp i høgfjellet må takast på alvor. Ein årleg aksjon, for å redusere omfanget av lupin i kommunane rundt høgfjellet, er viktig for å møte denne trugselen.
Sidan tidleg på 1900-talet har det vore ein gradvis utvikling av førekomsten av lupin. Etter tusenårsskiftet har denne utviklinga eskalert, og lupin dekker no store deler av Noreg.
Lupinbestandane i regionen vår utgjer no ein stor risiko for fjellområda, fordi det ikkje finst naturlege barrierar for spreiing innover vidder og høgfjell. Målet er å hindre videre spreiing innover fjellområda og svekke eksisterande bestandar. Like aksjonar er satt i gang i nabokommunar.
Utfordringa
Den største utfordringa med å svekke bestandar av lupin er at frøa er levedyktige i jorda i fleire ti-år. Ein plante produserer fleire hundre frø, som kan liggje spiredyktige i jorda i 50 år. Dei viktigaste tiltaka er derfor å svekke plantene og hindre at dei blomstrar. Samordning av tiltak i tid og rom er viktig, både langs og utanfor vegareal.
Hagelupin har blitt sådd i mange hagar, og blei i ein periode også brukt for å pynte i vegskråningar. Fordi lupinane kan ta opp nitrogen frå lufta, kan dei vekse i all slags jord. Dei trugar særleg det naturlege mangfaldet av engplantar, fordi mange av desse berre kan overleve på skrinn jord der dei ikkje blir utkonkurrerte av andre, meir hurtigveksande artar. Lupinar fortrengjer dei lokale artane, og gjer i tillegg jorda meir næringsrik slik at konkurransesterke artar («ugras») med tida tar overhand.
Tiltak
For å hindre frøspreiing må frøstandane på hageplantar fjernast under eller rett etter bløming. Nedkjemping kan skje ved oppgraving eller slått. Små førekomstar kan lukast/gravast opp før frøsetting. Planterestane kan da bli liggande igjen på staden, men ikkje slik at røtene kjem i kontakt med jord eller vatn. Helst bør likevel plantematerialet fjernast, for å unngå gjødseleffekt. Avfall frå lupinar kan leggjast til kompost dersom dette skjer før planten har starta på frøutviklinga. Lupinar kan også slåast. Dei første åra må dei slåast ein gang før frøsetting, og på ny to månader seinare. Deretter kan det slåast ein gang i året, før frøsetting. Fordi frøa kan overleve så lenge i jorda, må ein rekne med tilsyn og oppfølging gjennom fleire år.
Slik kan du bidra til å hindre spreiing av lupin
• Ikkje plant lupin på eiga tomt.
• Ikkje flytt på lupininfisert jordmasse.
• Ikke del planter med andre (bustad-/hytteeigarar).
• Blomstrande planter må handterast som om det er frø.
• Planter/røter skal leverast på miljøstasjon i lukka plastsekk, NB dette er restavfall, ikkje hageavfall.
• Arbeidsreiskap og sko skal reingjerast etter bruk.
Fjerne lupin
• Luking av forvilla lupin langs vegkantene
• Slått før frøsetting med ljå, grastrimmar, grasklippar eller traktor. 2 (3) gonger i vekstsesongen i inntil 5 år, deretter ved behov.
Fjerna lupin som har gått til frø skal leggast i plastsekker og levert til miljøstasjon som restavfall, ikkje hageavfall. Simas fakturerer ikkje for levering av denne typen avfall. Tenestetorget på rådhuset deler ut plastsekker og hånsker til dei som vil.
Ved eventuelle spørsmål, ta kontakt med klima- og miljørådgjevar Stine Ohrvik.