Verjemål

Ei verje er ein person oppnemnd av statsforvaltaren for å støtte deg som treng hjelp i økonomiske spørsmål eller når det gjeld å ivareta dine rettigheiter, for eksempel til søknader eller klager til offentlege instansar. 

Kven kan få verje?

Personar som på bakgrunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting treng hjelp til å ivareta økonomi eller rettigheiter. Verjemål er frivillig. 

Om tenesta:

Det å få oppnmend verje vil seie at du får hjelp til å ta viktige avgjerder og at du har nokon som kan sikre interessene dine, slik at du fungerer på lik linje med andre personar i samfunnet. Verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. Det er statsforvaltaren som oppnemner verje. Du finn meir informasjon av Statsforvalteren.no om verjemål her.