Ei verje er ein person oppnemnd av statsforvaltaren for å støtte deg som treng hjelp i økonomiske spørsmål eller når det gjeld å ivareta dine rettigheiter, til dømes søknader eller klager til offentlege instansar.
Kven kan få verje?
Personar som på bakgrunn av sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting treng hjelp til å ivareta økonomi eller rettigheiter. Verjemål er frivillig.
Om tenesta:
Det å få oppnmend verje vil seie at du får hjelp til å ta viktige avgjerder og at du har nokon som kan sikre interessene dine, slik at du fungerer på lik linje med andre personar i samfunnet. Verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. Det er statsforvaltaren som oppnemner verje. Du finn meir om verjemål her.