Betaling og frikort

Betaling av legetime

Legekontoret har avtale med PayEx om betalingsformidling gjennom tenesta Medipay. Du får ei lenkje på SMS etter legetimen og kan då velja å betala via bank, vipps eller faktura. For dei som ikkje kan betala på denne måten har me kortterminal i ekspedisjonen.

Har du spørsmål angåande faktura eller inkasso, ta kontakt med PayEx eller ring legekontoret.

Merk at både telefon-, elektroniske- og vanlege konsultasjonar er betalingstenester.

Frikort

Eigenandelar for helsetenester som er omfatta av frikortordninga vert registrerte hjå Helfo. Dette gjeld òg reise til og frå behandling. Når du har nådd eigenandelgrensa får du automatisk frikort og dette vil vera synleg i vårt system. 

Hugs at frikortet ikkje dekkar alle utgifter, som til dømes utsyr, legemiddel eller medisinsk forbruksmateriell. Du kan sjekka status for frikort på Helsenorge.

Har du spørsmål?

Årdal legekontor
Telefon 57 66 53 90