Helsestasjonen i Årdal har delegert ansvar for all vaksinering i kommunen, både barnevaksinasjonsprogrammet, reisevaksiner, influensavaksiner og Meningokokkvaksine for ungdom.
Kvar haust er det tid for influensavaksine. Er du over 65 år eller i ei risikogruppe kan du lesa om her.
Me annonserar tidspunkt for vaksinering kvart år på eldresentera, biblioteket, heimesida og på Facebook sida vår. Då informerar me om oppmøte og pris.
Vaksinasjonsdatoar i 2025:
Måndag 20. oktober Kl. 12-1630
Tysdag 21. oktober Kl. 12-16.30
Onsdag 22. oktober Kl. 9-14.30
Torsdag 23. oktober Kl. 9-14.30
Fredag 24. oktober Kl. 9-14.30
Onsdag 29. oktober Kl. 9-12
Onsdag 12. november Kl. 9-12
Onsdag 19. november Kl. 9-12
Onsdag 26 november Kl. 9-12
Onsdag 10. desember Kl. 9-12
Me har andre oppgåver på venterom og helsestasjon utanom desse tidene, me ber dykk difor respektere oppsette tider.
Prisar – kan betale med kort eller kontantar
Influensavaksine kr 300,-
Covidvaksine kr 100,-
Pneumokokkvaksine kr 100, varer i 6 år
- Nytt av året er at ein kan ta alle tre vaksiner på ein gong
- For å ta vaksine må ein vere frisk, dvs ikkje feber eller nyoppstått forkjøling eller anna sjukdom
- Me får ikkje vaksinene før i slutten av veke 42, så difor kan me ikkje starte vaksinering før oppsette tider
- Vaksinasjon er frivillig, men alle over 65 år som ikkje har tatt vaksinene vil etter 15.november vil få ei påminning om å vaksinere seg
Ved spørsmål, ta kontakt med helsestasjonen tlf 57 66 50 20
Din alder og ditt reisemål er viktig for kva vaksiner som er anbefalt. For å få best mogleg verknad av vaksinane bør du starte med vaksinasjon i god tid før avreise. Ta kontakt med Helsestasjonen så snart som råd.
Finn ut kva vaksine du treng
Folkehelseinstituttet anbefalar at ungdom i alderen 16–19 år vurderar å vaksinera seg mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse).
Les meir om smittsam hjernehinnebetennelse
Hjå oss vil helsesjukepleiar ved Årdal vidaregåande skule informera aktuelle klassar om vaksinetilbodet årleg. Vaksina er gratis.
Til personar i risikogruppa
Måndag 21.oktober Kl. 9-15
Tysdag 22.oktober Kl. 9-15
Onsdag 23 oktober Kl. 9-16
Torsdag 24.oktober Kl. 9-16
Fredag 25.oktober Kl. 9-12
Torsdag 7.november Kl. 10-15
Torsdag 5.desember Kl. 10-15
Prisar
Influensavaksine 200 kr
Covidvaksine Gratis.
Pneumokokkvaksine 450 kr (Anbefalt kvart 6.år) Denne vaksina må takast årleg.
Spørsmål til dømes om å få vaksine annan dag?
Ring helsestasjonen på 57 66 50 20
Prisar på reisevaksinering, konsultasjoner:
Dersom ein ikkje møter til avtalt tid, eller avbestillar mindre enn 24 timar før ein skal møte, må ein betale eit gebyr på kr. 300
Vaksine og materiell prisar (i tillegg til pris på konsultasjonen)
Kontakt helsestasjonen ved spørsmål eller bestililng av time for vaksinering.