Reseksjonering

Reseksjonsering av ein allereie seksjonert eigedom.

Kven kan søkje? 

Ved reseksjonering i form av deling eller samanslåing av seksjonar, er det heimelshavarar som kan søkje. I nokre tilfelle er det krav til at styret i sameiget må samtykke til reseksjoneringa. 
I andre tilfelle av reseksjonering, er det styret som må fremme søknad.  
Andre kan søkje på vegne av heimelshavar, men det må då leggast ved skriftleg fullmakt. Unntaket er dersom det er advokat som søkjer. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.

Korleis kan du søkje? 

For å kunne handsama søknaden, må det sendast inn søknad på standardisert skjema. I tilfelle der ein ønsker å få oppmålt uteareal til seksjon, må det leggast ved rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring. 

Linkar til skjema og rettleiingar

Kva slags vedlegg som skal følge søknaden, står oppført på søknadsskjemaet.  

Søknaden må ha originale underskrifter. Det samme gjeld for eventuelle erklæringar.  

Vilkåra for reseksjonering er opplista i eigarseksjonslova § 7, og er nærare omtala i Veileder til eierseksjonslovens offentligrettslige regler. Denne rettleiaren er i utgangspunktet meint som eit hjelpemiddel for saksbehandlarar, men kan vere nyttig også for den som skal søke.

Kva kostar det

Seksjoneringsgebyr
Seksjonering Gebyr
Sakshandsamingsgebyr - eksklusiv synfaring 8460
Sakshandsamingsgebyr - inklusiv synfaring 9400

Lovar og reglar

Eigarseksjonslova § 7

Eigarseksjonslova § 20

Eigarseksjonslova § 21