Utlån av fritidsutstyrLytt til tekstenStopp avspillingÅrdal bibliotek har fritidsutstyr til utlån. Vi har ski, stavar, skisko, skøyter, truger, pulkar (ein barnepulk, ein lastepulk), sekkar, bæremeis, soveposar, telt, kokeapparat og sitte- og liggeunderlag. I tillegg låner vi ut Årdal turlag sine turhengekøyer. Turhengekøyene er til utlån til ungdom.Årdal kommune har fått midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Bufdir til utstyret. Det er gratis å låne utstyret.Utstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstidLånetid er ei veke og du finn oversikt over utstyr du kan låna her Det som kan lånast er:Telt Liggeunderlag Hengekøy Tursekk Hoftebelt Bæremeis SoveposeOversikt over vinterutstyret:Ski Skisko Skistavar Truger Skøyter PulkUtstyrsbank – reglarUtstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstidUtstyret skal ikkje setjast att utanfor biblioteket dersom biblioteket ikkje er opeUtstyret skal leverast attende i same stand som ved utlånUtstyret skal vere tørka og reingjortUtstyret skal pakkast ned på rett måteMeld frå om utstyret vert skadaAll merking, emballasje, stroppar og anna skal leverast attendeUtstyret skal brukast i tråd med gjeldande regelverk, og brukaren er ansvarleg for at utstyret vert nytta på ein sikker måte Sist endra 24.04.2024 15:15