FAU - foreldrerådet sitt arbeidsutval
Alle foreldre med born i skulen, er medlemmar i skulen sitt foreldreråd.
Sist endra 05.12.2024 13:55
Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovanfor skulen. FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha ansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt.
Ved Tangen skule er alle klassekontaktane med i arbeidsutvalet. Leiar og nestleiar møter i skulen sitt samarbeids- og skulemiljøutval (SU).