Vedlegg til ordensreglementet ved Tangen skule
Orden og åtferdsreglementet ved Tangen skule er heimla i lov av 17.juli 1998 nr 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, Opplæringslova §2-9. Reglementet er utforma slik at det er i tråd med rundskriv 8-2014 frå Udir.
Alle rådsorgana ved Tangen skule er med på å utarbeide det til ei kvar tid gjeldande regelverk.
SFO og leksehjelp er frivillig, og er dermed ikkje ein del av skuletida. Ein har gjort vedtak om at skulen sine reglar og gjeld her.
Fusk: Fusk eller forsøk på fusk er å rekne som brot på ordensreglementet og vil kunne få konsekvensar for eleven sin karakter i åtferd. Dersom ein klart har kopiert andre sine tekstar, eller kommunisert med medelevar i prøvesituasjonen, vert dette å rekne som fusk. Når fusk vert oppdaga vert prøven / resultatet annulert. Dette vil svekke vurderingsgrunnlaget i faget. Fusk ein gong resulterer i god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart einskilt tilhøve.
Alvorlege regelbrot: Dersom det skjer straffbare handlingar, slik som tjuveri, vald, trugsmål, seksuell trakassering, rasistiske utsegner eller handlingar, skadeverk, sjikane knytta til religion, legning/nasjonalitet/kjønn kan skulen be politiet om hjelp. I slike høve skal skulen så langt det let seg gjere varsle føresette før politiet vert kopla inn. Vert eit tilhøve meldt til politiet, skal føresette alltid ha skriftleg melding om dette.
Nettvet: Tangen skule vil til ei kvar tid arbeide med å lære elevane godt nettvit. Private datamaskiner kan nyttast etter avtale med lærar. Likeeins er det ikkje tillete å gjere seg nytte av mobiltelefonar eller andre nettbaserte media i timane utan løyve frå ansvarleg lærar. Elevane ved Tangen skule skal skrive under ein eigen dataavtale. Denne skal arkiverast i elevmappene. Brot på skulen sitt IKT-reglement kan føre til utestenging frå databruk i inntil 3 veker. På ungdomssteget kan det og føre til nedsett karakter i åtferd. Ein presiserar at dette og gjeld bevisst øydelegging av skulen sitt tekniske utstyr. Skulen sin dataavtale ligg som vedlegg til reglementet.
Mobiltelefon: Dersom elevane bryt reglane for bruk av mobiltelefon, skal skulen dra inn telefonen for resten av dagen.
Fåvere: Alt fråvere som ikkje er dokumentert vert rekna som ugyldig. Dette gjeld både einskildtimar og heile dagar. Skulk ein gong gjev god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart tilfelle. Avgjerda vert teken etter dialog med elev og heim.
Elektrisk sparkesykkel: Bruk av elektrisk sparkesykkel til/frå skulen (på skulevegen/ i skuletida) må føregå i tråd med forskrifter og regelverk datert 15.06.2022
Skuleskyss: Udir skriv gjeldande dette: okt. 2018 - Rett til skyss ved urolig oppfør. ... Regler for akseptabel oppførsel kan reguleres i ordensreglementet, ... Oppførsel på skoleveien, herunder oppførsel på skolebussen, kan reguleres i skolens ordensreglement.
I høve gjeldande regelverk, vert det streka under at retten til skuleskyss kan falle bort for kortare eller lengre tid dersom eleven oppfører seg slik at han oppfører seg klandreverdig i høve medelevar, transportøren eller andre passasjerar. Dette gjeld og dårleg framferd på haldeplassane.
Erstatningsplikt:
• Ved hærverk/tjuveri i samband med skulen sin eigedom eller eigendelar, kan elevar etter avtale med føresette bli pålagde å rydde opp eller utbetre skaden dersom ein har føresetnader for det. Arbeidet må stå i rimeleg forhold til skaden.
• Eleven kan bli erstatningsansvarleg etter Skadeerstatningslovens § 1-1. Føresette er erstatningspliktige for opp til 5000 kr pr skade, jfr. Skadeerstatningslova sin § 1-2.
• Eleven er erstatningspliktig for skulebøker eller anna lånt utstyr dersom det vert øydelagt eller ikkje levert inn ved skuleslutt.
• Skulen skal reagere dersom elevar øydelegg andre elever sine eigendelar. Skulen kan hjelpe dei involverte i å finne ei minneleg løysing.
• Straffbare tilhøve kan meldast politiet av rådmannen.
PC ansvar: Datamaskiner og anna elektronisk utstyr som eleven låner, kan i visse høve etter avtale med lærar lånast med heim. Eleven er då ansvarleg for utstyret og erstatningsansvarleg om noko skulle bli øydelagt. Heimel for å krevje erstatning; skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2.
Smartklokker: På lik linje med telefon, kan ein ikkje nytte smartklokker i skule- og SFO tid. Fleire har fått slike klokker i ulike variantar, og dei utfordrar grunnleggande sider ved personvern og ansvar. Likeeins kan det takast bilete, noko som mange elevar fryktar. Dette gjeld særleg i garderobesituasjonar. Klokkene må derfor oppbevarast på lik linje med telefonane. Ein opplever det som forstyrrande når elevane vert ringde opp i timar.
Orden og åtferd: I ungdomssteget er det eit samla lærarråd som handsamar vurderinga i orden og åtferd. Når ein fastset karakteren, ser ein på i kva grad eleven har opptredd i samsvar med reglementet. I orden vert det vurdert om eleven er førebudd, har gode arbeidsvanar, har arbeidsinnsats som er tilfredsstillande, er presis, følgjer opp arbeidet som skal gjerast og har med seg nødvendig læremiddel og utstyr. I åtferd vert det vurdert korleis eleven oppfører seg mot andre i skulesamfunnet, der mellom anna mobbing og andre krenkingar, bråk og skulk vert tekne med. Ein pliktar å handsame alle med respekt, ikkje nytte ukvemsord eller vere truande mot andre som til dagleg er på Tangen skule. Likeeins vert det venta av elevane at dei oppfører seg høfleg mot alle besøkjande på skulen.
Røyking og bruk av snus ein gong gjev god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart tilfelle.
Konfliktar mellom elevar vert handsama etter momenta som er sett opp i skulen sin plan for trivsel og tryggleik. I høve der krenkinga er å rekne som mobbing, skriv rektor enkeltvedtak på hendinga.
Ordensreglementet vert handsama i rådsorgana i mai / juni kvart år.
August 2024