FAU - Foreldrearbeidsutvalet

Alle foreldre med born i skulen, er medlemmar i skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma ovanfor skulen. FAU skal mellom anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha ansvar for at elevane sitt læringsmiljø er trygt og godt.

Foreldrerådet og FAU skal fremje fellesinteressene til foreldrene og medvirke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Det skal og arbeida for å skapa eit godt samarbeid mellom heim og skule, legge til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevene og skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

Foreldreutval - FAU
Namn: Funksjons: E-post
Roy Andrè Bergerud Leiar FAU faufarnes@gmail.com