Skulereglar for Farnes skule
Heimel: Forskrift om skulereglar i Årdal kommune er fastsett av kommunestyret i Årdal kommunestyre den 20. juni 2024 med heimel i lov 9. juni 2023 nr. 30 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa, opplæringslova § 10-7 Skolereglar og § 10-4 Skoledemokratiet. Denne forskrifta trer i kraft frå 1. august 2024.
§ 1 Føremål – kvifor har me skulereglar
Forskrift om skulereglar skal bidra til at elevar i Årdalskulen har eit trygt og godt skulemiljø som fremjer trivsel, tilhøyrsle og læring.
Skulen er elevane og dei tilsette sin arbeidsplass. Derfor oppfører me oss venleg og høfleg overfor kvarandre. Elevane tek medansvar for eit trygt og godt skulemiljø. Særleg tek eldre elevar omsyn til dei som er yngre.
§ 2 Verkeområde – kvar og når gjeld skulereglane
Forskrifta gjeld for dei kommunale grunnskulane i Årdal kommune. Skulane skal laga eigne reglar tilpassa den einskilde skule. Desse må vera innafor ramma av dei kommunale skulereglane.
Skulereglane gjeld på skulevegen, i skuletida og på aktivitetar, tilstellingar og turar som skulen står for. Skulereglane gjeld også i ventetida før eller etter skuletid. Uakseptable og krenkande handlingar som skjer via digitale rom på skulen sitt intranett, læringsplattform, SMS og sosiale medium vil kunne omfattast av reglane.
Skulereglane kan også koma til bruk utanfor skuletida gitt at elevane si åtferd har tilstrekkeleg tilknyting til skulen og at situasjonar der elevar krenker kvarandre fører til at dei ikkje har det trygt og godt på skulen.
Skulereglane må sjåast i samanheng med kommunal prosedyre for eit trygt og godt skulemiljø.
§ 3 Organisering av skuledemokratiet
Kvar grunnskule skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skulen. Kvar grunnskule skal ha eit arbeidsutval (FAU) som er valt av foreldra på skulen. Elevane og foreldra skal vera representerte i samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU).
§ 3-1 Tillegg for Farnes skule
Farnes skule har to elevråd, eit for barneskulen 2.-7. klasse og eit for ungdomsskulen 8.–10. klasse. Elevråd vert valt av elevane ved skulen. Kvar klasse frå 2.-10.trinn vel sine tillitsvalde som møter i skulen sitt elevråd. Elevrådet vel leiar og nestleiar på fyrste elevrådsmøte for skuleåret. Desse møter som elevane sine representantar i Samarbeidsutvalet / skulemiljøutvalet.
Farnes skule har eitt FAU som er valt av foreldra på skulen. Leiar og vara sit i samarbeidsutvalet.
Rektor er ansvarleg for at skulen har eit positivt og godt fungerande elevdemokrati som sikrar elevane si medverknad.
§ 4 Medverknad
Elevrådet skal ta aktivt del i utarbeidinga av skulereglane på den einskilde skule. Føresette skal sikrast medverknad. Skulereglane skal drøftast årleg i brukarorgana til skulen.
§ 5 Omsynet til elevane sitt beste og elevane sin rett til å verta høyrde
I alle saker som vert handsama etter skulereglane skal omsynet til elevane sitt beste vera eit grunnleggjande omsyn. Skulen skal ivareta eleven sin rett til å verta høyrd i alle tilhøve som gjeld eleven.
§ 6 Kva rettar og plikter har du som elev
Som elev har du krav på:
- at alle behandlar deg på ein ordentleg måte
- at andre viser deg respekt og let dine eigendelar vera i fred
- at du skal vera fri for fysisk, psykisk og verbal plaging/mobbing
- at du får eit godt lærings- og skulemiljø
- at lærarar og tilsette grip inn og reagerer mot mobbing
Som elev har du plikt til å:
- behandla andre på ein ordentleg måte
- visa andre respekt og la deira og skulen sine eigendelar vera i fred
- ikkje plaga, sjikanera eller mobba nokon, verken fysisk, psykisk eller verbalt - arbeida for eit godt lærings- og skulemiljø
§ 7 Reglar om orden
Orden dreier seg om førebuing, om å vera punktleg, arbeidsvanar og arbeidsinnsats.
Døme på god orden er å:
- møta presis til undervisning og avtalar
- ha med naudsynte læremiddel og utstyr
- gjera skulearbeidet så godt du kan og til rett tid
- halda orden på eigne saker
- ta medansvar for å halda skulen sitt inne- og uteområde reint og ryddig
- visa respekt for skulen og andre sine eigendelar
§ 7-1 Tillegg for Farnes skule
- Berbare pc-ar skal vera innelåst i friminutta. Det er ikkje lov å nytta skulen sine pc’ar eller nettbrett til anna ein skuleretta arbeid.
- ha bokbind på alle bøker og ta godt vare på alt utstyr du får utlevert på skulen.
- ta ansvarsveka/ordensmannspliktene på alvor og syta for at det er fin orden både inne og ute.
- følgja reglane for bruk av inne- og utesko.
- Ordenselevane har eit særleg ansvar for å halda orden i klasseromma/landskapa på ungdomssteget
§ 8 Reglar om åtferd
Åtferd vert forstått som all åtferd på skulen, både mot elevar, lærarar og andre tilsette.
Døme på god åtferd er å:
- vera trivelege, høflege og hjelpsame mot kvarandre
- følgja med i timane og ikkje uroa undervisninga
- vera på skulen og delta i undervisninga heile skuledagen
- snakka til kvarande med respekt og utan banning og grovt språk
- visa omsyn og respekt for medelevar tilsette uansett kjønn, nasjonalitet, religion, funksjonsevne, legning med meir
- visa nettvett og følgja skulereglane for bruk av mobiltelefon og datautstyr
- ikkje utsetja andre for mobbing eller andre krenkande ord og handlingar
- ikkje utøva eller truga med fysisk vald
- ikkje juksa på prøvar, eksamenar eller anna skulearbeid
- ikkje bruka eller ha med seg snus, røyk, e-sigarettar eller andre rusmiddel på skulen eller på skulen sine tilstellingar
- ikkje ta med eller bruka farlege gjenstandar eller gjenstandar som forstyrrar undervisninga
- Det er ikkje lov med brus/energidrikk, godteri og snacks i skuletida.
- Eting og drikking skal ikkje føregå i timane utan særskild løyve frå læraren.
- Tilsvarande gjeld for bruk av elektronisk utstyr.
- Det er ikkje lov å kommunisere munnleg, skriftleg eller digitalt med andre enn lærarar under prøver / eksamen.
- Foreldra avgjer om eleven får sykle på skulevegen eller ikkje. Skulen rår til at elevane kan bruka sykkel eller sparkesykkel åleine på skulevegen frå slutten av 4. klasse. Skulen oppmodar alle om å bruka sykkelhjelm. På skuleturar skal både elevar og lærarar bruka hjelm.
§ 8-1 Tillegg for Farnes skule
Barnesteget:
- Du skal ikkje ha med deg rulleskøyter/rullebrett på skulen.
- Det er ikkje lov å springa eller bråka i gangane/undervisningsareala.
- Du skal vera ute i friminutta.
- Om vinteren kan du leika deg i snøen, men snøballkasting må skje i eit bestemt område.
- Du må ha særskilt løyve til å gå utanfor skulen sitt område i skuletida.
Ungdomssteget:
- I friminutta kan elevane forlata skulen sitt område utan særskild løyve.
- Ytterklede og utesko skal oppbevarast på tilvist plass.
- Når du kjem utanfrå, skal du bruka tilvist inngang. Respekter klassar i arbeid når du skiftar rom.
- Du kan berre bruka rulleskøyter/rullebrett på tilvist plass. Sikringsutstyr skal nyttast.
- Du må passa på at sykkelen/sparkesykkelen vert parkert på rett plass og låst.
§ 9 Vurdering av orden og åtferd til elevane
Grunnlaget for vurdering av orden og åtferd er om eleven opptrer i samsvar med § 6 og § 7 i dette reglementet.
Ved vurdering av orden og åtferd gjeld bestemmingane om individuell vurdering i kapittel 9 i forskrift til opplæringslova.
§ 9-1 Tillegg for Farnes skule
Karakterane i orden og åtferd vil som hovudregel bli sett ned ved gjenteke brot på ein eller fleire reglar i §§ 7 og 8. Skulen kan og setja ned karakteren ved einskildhendingar dersom det gjeld grovt brot på reglementet.
§ 10 Mobiltelefon og anna digitalt utstyr
Kvar skule skal ha reglar som definerer bruken av mobiltelefon, smartklokker og anna digitalt utstyr i skuletida og på turar.
Hovudregelen er at elevar kan ha med mobiltelefon, smartklokker eller andre digitale medium på skulen, men at desse skal liggja avslått i skulesekken eller på anna tilvist plass slik at dei ikkje forstyrrar undervisninga. Mobiltelefonen, smartklokke eller andre digitale medium kan berre nyttast i undervisninga eller i friminutt etter avtale med lærar, rektor eller annan tilsett. Det kan gjerast eigne avtalar med enkeltelevar som har trong for tilrettelegging knytt til utfordringar med helse, sosial samhandling eller læring. Dersom ein vel å ta med slikt utstyr på skulen er det på eige ansvar.
§ 11 Reaksjonar ved brot på skulereglar
Følgjande reaksjonar kan nyttast ved brot på skulereglane:
- tilsnakk eller irettesetting frå lærar eller ein annan vaksenperson
- munnleg eller skriftleg åtvaring
- merknad
- munnleg eller skriftleg kontakt med heimen og involvering av føresett
- pålegg om oppgåver for å retta opp skade som er påført skulen sin eigedom eller eigendelar.
- bortvising frå aktivitetar eller tilstellingar dersom åtferda til eleven tilseier det
- bortvising frå undervisninga for ei opplæringsøkt, men ikkje meir enn to klokketimar
- bortvising resten av dagen på 1.-7. trinn ved fleire eller grove brot på reglementet. Føresette skal få melding før ein elev på barneskulen vert vist bort for resten av dagen
- bortvising inntil til tre dagar på 8.-10. trinn ved fleire eller grove brot på reglementet. Føresette skal om mogleg varslast i forkant av bortvisinga.
- skulebyte mellombels eller permanent
- stort udokumentert fråvær kan føra til nedsett karakter i orden på 8.-10. trinn
- avbroten skuletur og attendeføring til ordinær undervisning
- rusmiddel og gjenstandar som kan skada andre eller forstyrra opplæringa kan inndragast av skulen og eventuelt overleverast til politiet
Eleven pliktar å følgja ilagte reaksjonar. Dersom eleven ikkje rettar seg etter reaksjonane, kan eleven ileggjast nye reaksjonar.
§ 11-1 Tillegg for Farnes skule
- Det blir krevd erstatning om du med overlegg skadar eller øydelegg noko som tilhøyrer ein annan elev. Når større ting vert stolne, blir spørsmålet om melding til politiet teke opp med foreldra.
- Brot på vedtekne ordensreglar for bruk av mobilt samband på Farnes skule fører til at lærar tek frå eleven mobiltelefonen. Varigheit minimum ein halv dag. Dersom saka gjentek seg eller vert vurdert som alvorleg, som t.d. krenking av personar, mobilbruk til å sjå på pornografiske bilete/ valdshandlingar, vert telefonen dregen inn for ein dag. Det vert skrive åtferdsmerknad og dei føresette vert varsla om hendinga. Føresette vert og orientert om retten til å melde saka til politiet.
Brot på reglane kan og føra til:
- Eleven får ikkje tilbringe friminutt saman med klassen
- Eleven kan bli bortvist frå visse område på skulen
- Skulen kan forby at eleven forlet skulen sitt område
- Eleven må sitje eller gå saman med ei vakt
- Eleven må ha følgje av foreldre/ føresette på klasseturar / fellesarrangement
- Eleven må ha følgje av foreldre til og frå skulen
§ 12 Sakshandsaming ved bruk av reaksjonar
Ved bruk av reaksjonar gjeld følgjande sakshandsamingsreglar:
- Skulen skal syta for at avgjerda vert teken på eit forsvarleg grunnlag. Eleven har rett til informasjon om korleis skulen ser på brotet og korleis skulen har tenkt å handtera det.
- Eleven har rett til å forklara seg munnleg og gje uttrykk for sine synspunkt til den som skal ta avgjerda. Skulen skal syta for at situasjonen vert opplevd som trygg for eleven.
- Reaksjonar skal grunngjevast slik at eleven forstår kva reglar som er brotne og kvifor skulen må reagera på dette.
- Eleven skal, viss det er mogleg, få høve til å utbetra skader, til dømes ved hærverk.
- Kun reaksjonar som følgjer av lov eller av skulereglane kan nyttast. Alle tiltak ved regelbrot skal fastsetjast i reglane til skulen.
- Føresette skal så langt det er hensiktsmessig og til barnet sitt beste varslast før skulen treff ei avgjerd om ein inngripande reaksjon.
- Rektor treff avgjerd om bruk av reaksjon. Tilsette ved skulen treff avgjerd om reaksjon innafor ramma av det rektor har delegert.
- Bortvising skal kun nyttast i særs sjeldne og alvorlege tilfelle. Ved bruk av bortvising eller skulebyte som reaksjon, skal sakshandsamingsreglane for enkeltvedtak i forvaltningslova følgjast.
- Det er kommunalsjef oppvekst og kultur som handsamar og gjer enkeltvedtak om eventuelt skulebyte i form av pålagt flytting til annan skule.
§ 13 Melding av straffbare tilhøve
Straffbare tilhøve skal som hovudregel meldast til politiet.
§ 14 Erstatningsansvar
Ved skade eller skadeverk på skulen sin eigedom eller utstyr kan føresette verta erstatningsansvarlege etter skadeserstatningslova.
§ 14-1 Tillegg for Farnes skule
Skade på skulen sin eigedom eller utstyr skal umiddelbart varslast til rektor når det vert oppdaga. Viss det er kjent kven som har utført skaden og det er grunnlag for å mistenka at dette er gjort med overlegg, skal eleven/elevane utan ugrunna opphald kallast inn til rektor for samtale. På grunnlag av denne samtalen avtalar rektor, avdelingsleiar og kontaklærar vidare oppfølgjing og varsling til heimen.
Føresette til elevar som med overlegg utfører skade på skulen sin eigedom eller utstyr vil saman med byggeigar og/eller utstyrsansvarleg gjera ei vurdering av skaden og senda erstatningskrav heim.
Alle slike hendingar skal registrerast i Årdal Kommune sitt avvikssystem LAFT Bygg for vidare oppfølgjing.
§ 15 Verknadsdato
Handsama i samarbeidsutvalet 23.09.2025 og 27.01.2026. .