Rett til barnehageplass gjeld i kommunen der barnet bur.
Nytt barnehageår startar 15. august.
- Hovudopptak - om du ønske barnehageplass frå august må du søke innan 1. februar.
- Barn som har flytta til Årdal og er fylt eit år innan desember eller er eldre, skal etter søknad få barnehageplass innan 2 månadar.
Gå inn på søknadsskjema som du fyller ut og send direkte til kommunen.
Opningstider
- Alle barnehagane er opne frå kl. 06:45 til 16:00.
- Maks opphaldstid pr dag er 9 timar.
Type plass
- Heil plass - 9 timar kvar dag.
- Halvplass - 9 timar anna kvar dag.
Opptak
- Ved hovudopptak får barn som fyller 1 år innan 30. november tilbod om plass i den månaden dei fyller år.
- Barn som er født innan utgangen av desember, og har søkt innan søknadsfristen 1. februar for hovudopptak, har rett på barnehageplass ved oppstart i starten av januar året etter.
- Alle barn som flyttar til bygda og som hadde rett til plass ved siste hovudopptak, er sikra barnehageplass. Dette innan rimeleg tid og seinast 2 månader etter at søknad er levert. Barnet vil få tildelt plass i den barnehagen som har ledig kapasitet.
Prisar
Barnehageplass
Ingen hushaldning skal betala meir enn 6% av samla inntekt for ein barnehageplass. Familien må søkja om reduksjon. Nye reglar for prisar frå 1. august 2024. For sein henting av barn vert fakturert med kr. 200,- kvar gong.
Vedtekter
Søknadsskjemaet om barnehageplass er elektronisk.
Du kan velge mellom seks barnehagar i søknaden din. Sett opp i prioritert rekkefølge.
NB! Det er viktig at begge føresette vert registret i søknadsskjema.
Søknadsfrist for hovudopptak er 1. februar.
Plassane blir tildelt etter §6 Prioritering av hovudopptak i vedtektene. (PDF, 476 kB)
Kva om eg ikkje får plass i fyrstevalet mitt?
- Du vil då få tilbod om plass i ein anna barnehage.
- Du har rett på barnehageplass i kommunen, men vi kan ikkje garantere eit tilbod i ein av barnehagane du prioritert.
Kan eg stå på venteliste til den barnehagen eg har som fyrsteval?
- Du kan takke ja til plassen, og samtidig stå på venteliste til ein barnehage som du har prioritert høgre.
Me sender deg svar på søknad om barnehageplass innan tre veker.
For å svara på denne må du logga deg inn på Visma foresatte og godkjenne eller avslå barnehageplassen.
Klagerett
- Ved hovudopptak kan du klage dersom du ikkje får fyrste eller andre ynskje oppfylt.
- Formannskapet er klageinstans. Klage sender du til kommunedirektøren, seinast tre veker etter at melding om vedtak er motteke.
- Søkjarar som ikkje får fyrste eller andre ynskje oppfylt, kan krevje skriftleg grunngjeving for kvifor barnet ikkje har fått ynskja barnehageplass.