Ve barnehage
Ve barnehage er den eldste barnehagen i Indre Sogn. Den vart starta 17 januar 1967. I 1999 vart barnehagen nyrenovert og starta opp att med tre avdelingar. Barnehagen ligg sentralt til i Øvre Årdal. Barnehagen har eit skogsområde, "100 m skogen", i tillegg til uteområdet. Ve barnehage nyttar nærmiljøet aktivt og har uteliv i fokus heile året.
Avdelingar
- Småtroll: 1-2 år.
- Huldri: 2-3 år.
- Trollgubben: 4-5 år.
Visjon
- trygge barn - ein føresetnad for vekst og utvikling
- levande fellesskap med plass til alle
- barn som vert sett og lytta til.
- gode opplevingar, glade barn i leik og læring.
Satsingsområde
- fysisk aktivitet og uteliv
- eit inkluderande barnehagemiljø
- berekraftig utvkling
Samarbeidsrådet (SU) og foreldrerådet
Årsplan
- Årsplan del 1 - ein felles plan for barnehagane i Årdal kommune Årsplan del 1 (PDF, 932 kB)
- Årsplan del 2 - vår plan for innhald og aktivitetar dette barnehageåret. Alle foreldre og andre aktuelle samarbeidspartar får denne planen delt ut.
Her finn du oss
Årdalsvegen 16C, Øvre Årdal